Rolodex: Eit lite nettlesarverktøy for SOME-frigjering

Eg publiserte nyleg Rolodex, eit lite verktøy som let deg laste ned sosiale medie kontakter som vCard filer.

Her er ein kjapp video som forklarer korleis den funker:

Kjapp intro til Rolodex

Relevante lenker:

I fjor blogga eg om planen min for å forlate LinkedIn, fordi eigaren Microsoft er eit særs problematisk Big-Tech selskap. Nesten eit år seinare så er eg fortsatt på LinkedIn, men det er berre fordi eg gjerne ville prøve å byggje dette nettlesarverktøyet kallt Rolodex. For no er det fortsatt berre tilgjengeleg på Firefox (Android, PC og Mac). Eg har også lyst til å prøve å publisere pluginen på Chrome og Safari.

Verktøyet fungerer bra for meg, og forhåpentlegvis kan det funke bra for deg eller andre. I dag har eg gjort stormskritt mot å komme meg ut LinkedIn-døra.