Datasenter i Arna: Er denne næringa liv laga?
Her er opptak og slides frå eit foredrag eg hadde for Klima- og transportkomiteen i Naturvernforbundet i Bergen (NVB) 29. september 2026.
Politikarane i Bergen kommune skal snart ta stilling til om det skal vedtas å byggjast eit datasenter i Arna med eit anslått straumforbruk på 130 megawatt.
I foredraget mitt under peikar eg på at denne utbygginga vil få store konsekvensar for vatnbruk, straumbruk, og for klima og miljø generelt.
Foredrag om mogleg datasenter i Arna 29.09.26.
Her kan du laste ned mine slides frå foredraget, som inkluderar mange lenker det er verdt å sjekke ut.
Nøkkelpunkter frå foredraget:
-
Saka kan føljast på Bergen kommune sine nettsider, under saksnummer: PLAN-2026/12548.
-
Nøyaktig dato for politisk behandling er ikkje vedteke enda.
-
I fagnotatet PLAN-2026/12548-34 stiller Plan- og bygningsetaten (PBE) seg kritisk til planforslaget om å byggje eit datasenter i Arna. I følge PBE har planforslaget følgande problem:
- manglande krafttilførsel
- konflikt med miljø- og samfunnshensyn som naturmangfald, friluftsliv og klima
- innsigelser frå Statens vegvesen som ser at foreslått tilkomst til Arna-datasenteret kan kome i konflikt med nasjonale vegplaner
- manglande regional heilhetsvurdering av kor datasenter bør plasserast i fylket
-
Eg argumenterer for at det er uklart om Bonum og Arcem med sitt planinitiativ faktisk vil utføre arbeidet sjølv, eller om dei berre vil vinne dette prosjektet for så å selge det vidare til andre. Dette auker risikoen for at planen er spekulativ og lite langsiktig.
-
Planinitiativet frå Bonum og Arcum hevder at datasenter-bygginga vil føre til mykje positiv lokal verdiskaping inkludert skaping av ei rekkje nye arbeidsplassar. Men i følge forsking frå forskingsstiftelsen Fafo så ser det ut til at datasenter berre har høg sysselsetting under bygging og generelt sett har låg sysselsetting når det er i drift.
-
KI-næringa har utstrakt bruk av sirkulærfinansiering som er veldig problematisk (kjelde: bloomberg.com). Eit av dei mange døma er:
- Nvidia investerer 100 milliardar dollar i OpenAI som utviklar KI-verktøy som ChatGPT.
- OpenAI bestiller datakraft frå Nscale som byggjer datasenter.
- Nscale annonserer bygging av datasenter og bestiller maskinvare frå Nvidia. (Nvidia er forresten også investert i Nscale.)
- Denne sirkulærfinansieringen betyr at desse børsnoterte selskapa kan annonsere stadig aukande behov i sine kvartalsrapportar og at deira aksjekursar fyk stadig høgare. Merk: Dette KI-behovet ser ikkje ut til å kome frå reelle kundebehov i marknaden.
-
Så langt har Alphabet, Amazon, Meta, Microsoft og Oracle opparbeida seg 1.6 trillionar dollar i datasenter-gjeld, og forsøkt å skjule dette gjennom kreativ bokføring (kjelde).
-
KI-næringa framstår (foreløpig) som ei ustoppeleg næring med skyhøge aksjekursar og mykje pengar på bok. Dette betyr at det er lett for våre politikarar å la seg blende av utsiktene til milliardavtalar med utenlandske selskap som OpenAI og Anthropic. Men ein må hugse på at desse selskapa har enorme utgifter og massiv gjeld. Både OpenAI og Anthropic jaktar no børsnotering og viss det ikkje klaffar så kan dei vere konkurs innen 1-2 år. Då er milliardavtalane rundt datasenter plutseleg verdt ingenting, og vi vil ha rasert natur til inga nytte.
Neste steg og korleis bidra #
I dag har vi 113 datasenter fordelt på 61 kommersielle aktører (kjelde). Er ikkje dette allereie nok til å sikre vår digitale suverenitet? Og er vi ikkje like trygge om vi kjøper datakraft frå EU-kontrollerte datasenter?
Kommunar over heile Norge opplever no å bli nedringt av utbyggjarar som ønsker å karre til seg områder for utbygging av datasenter.
Det er brei politisk einighet om at dette er ein uhaldbar utvikling. Regjeringa har sagt at dei vil komme med ein stortingsmelding med mål om å få kontroll på datasenter-utbygginga, men dei vil ikkje sei når dette vil kome. I mellomtida så rekk frykteleg mykje natur å bli rasert.
No gjeld det å informere både politikarar og befolkning om at det hastar å få kontroll på denne hodelause datasenterutbygginga. Viss me kan få på plass eit såkalla moratorium (pause) på all datasenterutbygging i 1-2 år så kan det vere ei betydeleg betring av denne situasjonen. Viss KI-bobla på aksjemarknaden skulle sprekke i mellomtida så vil truleg også mykje av denne bygge-iveren fordufte.
Tips til kva du kan gjere:
- Del dette med nokon som bryr seg om naturen, arbeidsplassar frå ekte industri og/eller høge strømprisar.
- Send mail eller ring ein lokalpolitikar for å spøre korleis dei forholder seg til datasenterutbygging i sin kommune. Vi må hjelpe våre politikarar med å innsjå at denne «KI-næringa» truleg ikkje er liv laga.
Dette treng du ikkje å gjere åleine. Det er mogleg å finne hjelp hos Naturvernforbundet som er oppteke av denne problematikken og har mange lokallag. KIKI er også ein organisasjon som jobbar for regulering av KI som det er verdt å sjekke ut.
Nils Norman Haukås