Frå Netlife Bergen til Builder Heart

Forrige månad hadde eg min siste arbeidsdag som teknologisjef for Netlife, og til hausten gir eg meg i kast med eige selskap.

person som holder foredrag foran forsamling

📷 Foto: Sigurd S. Ovesen

Biletet over er frå årets sumaravslutning i Netlife Bergen, der eg fekk frie tøyler til å nerde fag saman med mine kollegaer. Eg leverte litt mimring, eit knippe av mine dikt og matnyttige råd frå eit sju år langt konsulentliv. Om du er nysgjerrig på noko av innsikten eg delte så kan du finne fleire av poenga mine i denne presentasjonen frå 2019.

Netlife Bergen har vore ein veldig givande arbeidsplass med flinke kollegaer og spanande prosjekt, som har evna å utfordre meg på nye måter kvart år, først som teknolog og seinare som kodande teknologisjef. Eg har fått lære mykje av det å jobbe i spennet mellom det å sjølv utvikle IT-løysinger, til det å utvikle utviklarane av IT-løysingane.

Målet mitt til hausten er å få testet ut nokre digitale forretningskonsepter som eg har gått å grubla på. Folk rundt meg har allereie fått høyre meg fabulere om desse ideane, men det har alltid vore med ei fotnote om at alt dette ligg i ei støpeskje.

Framover vil eg hente innsikt og då vil truleg desse ideane endre seg fort og nokre vil gjerne hamne i fryseboksen igjen. Uansett så er det fint å få validert at noko feiler spektakulært for då kan ein re-fokusere kreftene på andre prosjekt. Kunsten er å validere idear på billig vis. I tillegg handler det også om taiming og emne til å gjennomføre.

Dette er forresten ikkje første gongen eg har prøvd å starte eit selskap. Denne gongen blir det spanande å prøve kva for skilnad det er å ha samla opp ti år med arbeidserfaring når eg hopper ut igjen i gründerlivet.

Ønsker du å følge meg på gründerferda? Sjekk ut builderheart.com.