Guide: Korleis sjå film eller TV med nokon som brukar høyreapparat

Eg oppdaga nyleg at PC-en kan slå saman utkjelder for lyd, og det kan vere ei fin løysing for filmsjåing i mindre grupper der nokon brukar høyreapparat.

Bakgrunn #

Eg har nokon i slekta mi som bruker høyreapparat, og måten dei likar å sjå på TV er ved å kople eit par hodetelefonar med lang ledning til TV-en. Då høyrer dei TV-en fint, men lyden blir samstundes borte for dei andre i rommet, sidan TV-en automatisk sluttar å spele lyd or høgtalarane.

Me har grubla på korleis me kan sikre at alle i rommet kan høyre TV-en samstundes. I prosessen har eg vurdert innkjøp av en lyd-adapter for splitting av lyd til både eit sett med mini-høgtalerar i tillegg til hodetelefonane. Eg vurderte også innkjøp av ein mini-miksepult for lyd. Men alle desse løysingane virka litt vel kompliserte.

Løysinga #

Eg oppdaga tilfeldigvis at Mac har ein guide for korleis slå saman lydkjelder. Dette gir oss høve til å skreddersy lyden for folk både med og utan høyrapparat.

I skrivand stund køyrer Mac-en min ein litt eldre versjon av Apple sitt operativsystem MacOS Monterey 12.6.6, men dette burde også fungere for nyara versjonar. Eg har også funne liknande guidar for Windows og for Linux, som begge ser lovande ut, men eg har kun testa dette for Mac.

Merk: Dette fungerer berre for innhald som blir avspelt frå Mac-en. Om du til dømes vil sjå på NRK så må det avspelast med NRK Nett-TV køyrande på Mac-en som så sender lyd og bilete til TV-en.

Først kopler du Mac-en til TV-en med HDMI-kabel. Etter at dette er gjort og du kan sjå bilete frå Mac-en på TV-en, så burde du få opp TV-en som ein mogleg utkjelde under lydinstillinger.

Lydinnstillingane finn du ved å klikke på eplet opp øverst til venstre på Mac, velge systeminnstillinger, deretter velge lyd og til slutt klikker på fanen output.

lydinstillinger med to moglege utkjelder: interne høgtalerar og multi-lyd-utkjelde

Her viser mine lydinnstillinger to utkjelder for lyd. Eg var ikkje tilkopla ein TV då eg tok dette skjermskuddet så difor eg ikkje TV som utkjelde synleg her.

Tips: Under lydinnstillinger kan du krysse av for at du ønsker å ha ikon for å justere lyd lett tilgjengelig i menylinjen.

På dette punktet kan du gjerne teste å spille av ein video frå Mac-en, der du samstundes byter lyd-utkjelde mellom TV og Mac-en sine interne høgtalerar.

Så åpner du programmet Lyd- og MIDI-oppsett (engelsk: Audio Midi Setup). Dette er ein applikasjon som kjem inkludert i MacOS.

applikasjonsvindu

Her er vindauge for lyd- og MIDI-oppsett. Her har eg lagd meg ein Multi-Output Device som kombinerer Mac-høgtalarane og SAMSUNG som er TV-en. Din TV har gjerne eit anna namn.

Nede til venstre i vindauget for Lyd- og MIDI-oppsett klikkar du på pluss-teiknet, og i menyen som dukker opp veljer du «Create Multi-Output Device». Deretter kan du huke av for ein eller fleire utkjelder som du ønsker å spele lyd or, og her veljer du gjerne høgtalarane på Mac-en og TV-en.

Om du no går tilbake til Mac-lydinstillingane så skal du no kunne sjå ein ny valgbar «Multi-Output Device» utkjelde som du no kan velje å spele lyd av.

Suksess! Da burde du vere i mål og klar for å sjå TV saman.

Tips: Om du vil ha ulike lydnivå på utkjeldene, så kan du velje dei individuelle lydkjeldene og justere lyden, før du går tilbake til den kombinerte utkjelden.

Høyreapparat med blåtann-støtte kan også passe inn i dette oppsettet om ein kopler det til Mac-en, og inkluderer det som ei lyd-utkjelde i Multi-Output Device.

Om du veit om ei enda enklare løysing så tips meg gjerne på epost.