Thunki er lagt ned og ei fin historie ligg igjen

Her er ei historie som eg har tenkt lengje på å skrive, men aldri fått summa meg til å gjere før no. Dette er soga om korleis tre håpefulle slektninger starta eit lite samvirke i 2013 ved namn Thunki. Fire år seinare blei det lagt ned og eigenkapitalen fordelt, men me sit igjen med mykje erfaring og nokre kule historier.

Bilde av oss i Thunki oppstilt på en gate i Bergen, med Fløyen som bakgrunn.

Frå venstre, Nils Norman Haukås, Svein Rasmussen og Mimi Haukås. Foto: Svein Rasmussen

Namnet blir til #

Namnet Thunki drodla eg meg fram til i 2009. “Funky thinking for you,” var mottoet som skulle fylgje navnetrekket. Eg tenkte ein stund på det før eg registrerte domenenamnet ein sumarkveld i Sør-Afrika. Eg tenkte dette skulle bli stort så eg registrerte like godt domeneendingane .com, .org og .mobi.

Det skulle gå over eit halvt år før det faktisk blei noko business. Året var 2010 og eg satt vakt på i ein skatehall i Haugesund og prata om livet. Eg nevnte tilfeldigvis at, “ja eg kunne lage nettsider.” Det var starten på ei forretningsperiode med mykje erfaring og lite pengar som skulle vare eit halvt år, før eg ramla inn på studier igjen hausten 2010. Dermed blei frilansingen lagt på is medan eg begravde meg i informasjonssystem, interaksjonsdesign og diktning.

Fridomen til å skape #

Det gjekk nokre år og så dukket grundergrillene opp igjen. I 2013 spurde eg Mimi Haukås og Svein Rasmussen om dei ikkje kunne tenkje seg å starte ein bedrift med meg. Draumen var å starte noko som me kunne leve av og som kunne gje oss fridomen til jobbe på den måten me ville for dei me ville jobbe for. Me ynskte tilogmed å kunne ta på oss prosjekter der samfunnsnytte var i fokus framfor profitt.

Det var mykje å finne ut av i starten: Me måtte forme vedtekter, diskutere framtidsmål, lage logo, ta ansattbilete og få opp ei nettside. Eg har mange fine minner frå denne prosessen. Eg hugser at me satt samla rundt stovebordet heime hos foreldra mine med papirer og laptoper strødd ikring oss.

Me fekk omsider registert firmaet vårt. Mimi designa ein knakande fin logo og tilhørande fargepalett. Svein tok staselege bilete av oss. Ikkje minst, bygga Svein og meg ei staseleg nettside. Rundt oss spøkte og smilte foreldre, onklar og tanter.

Nettsida me byggde kan du sjå her: thunki.no.

Svein flytter til Bergen #

Når eg ser tilbake på dette så syns eg det var mektig tøft av Svein å våge å flytte frå Haugesund til Bergen for å forfølge gründerprosjektet. Eg var travel med siste rest på masteren min og Mimi hadde jobb i butikk så me hadde økonomiske forutsetninger for å halde oss flytande. Svein satset ikkje alt på eit kort, han planla også å søkje på stilling som fotograf, men han tok likevel ein større finansiell risiko.

Tøft gjort.

Thunki blir med i Kulturgründerprogrammet #

På tampen av 2013 så fekk eg ein telefon med tilbud om å få bli med i Kulturgründerprogrammet til Impact Hub Bergen. Dette var eit program der ei gruppe entreprenører innafor kreativ og kulturell sektor fekk felleskap gjennom medlemskap i Impact Hub Bergen, og kunnskap gjennom ei rekke workshops med aktørar i frå næringslivet. Workshoppane dykka ned i tema som moms, salg og budsjettstyring. Vidare hadde me ein konsulenthelpdesk i frå Deloitte der me kunne få hjelp til heilt spesifikke problemstillinger. I tillegg så hjalp Bergen teknologioverføring med å kople på ein erfaren mentor til kvart gründerprosjekt. Takk til vår mentor Gry Sæterdal for super mentorsparring, for det er viktig å lære seg å tenkje som ein gründer.

I tillegg til å innovere og entreprenere så var me også med på å lage to videoar:

  1. A Work (in) progress. I denne videoen så deler me tankar ikring entreprenørskap.
  2. Potensielt meir abstrakt/konkret så blei det også lagd ein animasjonsvideo! Dette kom i stand i ein workshop med Liv laga som var ein av deltakerane i programmet.

Thunki møter arbeidsverda #

Bilde ovenfra på arbeidspultene våre der me har laptopper og arbeidspapirer strødd om kvarandre.

Eit lite utsnitt frå “kontorlokalet” vårt.

Me møtte omverda med friskt mot. Thunki introduserte seg som eit digitalt designbyrå med oppdrag om å lage “teknologi som jobber for deg.” Me solgte visuell profil, nettsider og skreddersydd software.

I løpet av 2014 - 2016 så leverte me ei rekke med tilbud og me fekk heldigvis tilslag på nokre av dei også. Nokre gonger prisa me oss for lågt andre gonger for høgt. Men me lærte noke heile vegen. Til dømes så lagde eg eit foredrag om kontrakter basert på erfaringane eg gjorde meg med kontrakter og tilbudsskriving. Me gjorde ikkje så fryktelig mange oppdrag, men viss eg skal trekke noko fram så vil eg gjerne peike ut logoen som Mimi designa for Bergen kjelkehockeyklubb. Dei blei veldig fornøyd med den og det var veldig givande å sjå heile laget ta logoen i bruk.

Skjermskudd av da Bergen kjelkehockeyklubb lanserte logoen sin på Facebook sida si.

Skjermskudd frå lanseringa av ny logo.

Teamet gjer opp status #

Ein gong mot slutten av 2014 så gjorde me opp ein liten status. Mimi var på full fart til å bli butikksjef i butikken hu jobba for. Svein var kome inn på Master i utdanningsteknologi. Og i firmakassen så såg me at inntjeningen ikkje var høg nok til å støtte tre personer på fulltid. Så, på ganske udramatisk vis så blei me einige om at det var nok på tide å sjå seg om etter noko anna spanande å gjere på. I starten av 2015 så fekk eg jobb som utvikler i Norsk senter for forskningsdata.

I 2015 så var Thunki eigentleg gått inn for landing, men eg klarte likevel å ta på meg nokre oppdrag for Universitetet i Bergen der eg utvikla ein chrome plugin for semantisk tagging av data. I 2016 så fekk eg litt meir arbeid på samme plugin. Det var kjekt og erfaringsrikt, men eg følte at det var på tide å fortøye skuta skikkeleg. Så, i 2017 så blei selskapet omsider sletta.

Eg fekk oppdage kor møkje rart ein må gjere for å få avvikla eit selskap. Papirer og prosesser må skje i tur og orden og gjerne med tidspauser i midten. Det var lett å gløyme å vere på ballen når ein eigentleg har avviklet selskapet i hodet sitt. Men me fekk omsider slettet selskapet og etter å ha betalt inn skatt så kunne me fordele 55000,- kr. Ingen av oss tok ut løn undervegs.

Takk for samarbeidet Mimi og Svein. Eg er kjempeglad for at me fekk gitt dette ein real sjanse og at me kom ut av det med vennskapet i god behold.

Oss i teamet som går mot kameraet og smiler.

Ut i solnedgangen og over til andre eventyr. Foto: Svein Rasmussen.