Med klima på tanken(e), eit svar til Jarle.

Etter eg las innlegget til Jarle, så tenkte eg berre at eg skulle spinne litt vidare på denne problemstillinga med å få fleire mennesker til å bidra for eit betre miljø. Det er teikn på at me er på veg i riktig retning. Dei siste vekene så har Miljøpartiet dei grønne fått særs gode prognoser inn mot valget (krysser fingrane).  Eg tenkjer det kanskje ikkje er så rart sidan stortingskandidaten deira for Oslo Rasmus Hansson er så god til å snakke for seg. Oppfordrer sterkt til å ta ein titt på NRK Debatten 06.06.13. På debatten så satt Hansson i publikum og sa rett ut at Norge er nøydd til å tenkje på korleis me skal slutte med olje om 20 år.

Tanken om eit oljelaust Norge fekk i alle fall meg til å sperre augene opp fordi det er ikkje business as usual (prat godt for deg og nyt fire nye år som politikar). Her snakker me omveltning fordi me uredd tørr å stirre på den samfunnsmessige endringen me er nødd til å gjere. I framtida må leve på andre ting enn olje. Og kanskje må me tåle å ha ein enklare livsstil.

Her vil eg berre dele eit par snutter og trekke noken tanker til slutt.

Miljøutfordringen #

Videoen synleggjer ein nærast håplaust fastlåst situasjon mellom landa som skal bli einige om kven som skal gripe inn for å redde miljøet fyrst. Debatten om å trappe ned oljeutvinning er ein debatt som pågår i alle land takka vere miljøforkjemperar. For kvart land som får fremgang for miljøspørsmål gjer det lettare for miljøbevegelser i andre land.

Menneskeutfordringen #

Eg har lenka til denne videoen i eit tidlegare innlegg, her kjem det igjen og det er berre fordi eg er så imponert over den innsikten som presentøren Dave Meslin klarer å få opp på banen i det korte tidsrommet.

My main message is, if we can redefine apathy, not as some kind of internal syndrome, but as a complex web of cultural barriers that reinforces disengagement, and if we can clearly define, we can clearly identify, what those obstacles are, and then if we can work together collectively to dismantle those obstacles, then anything is possible. ~ Dave Meslin

Meslin har mykje rett tenkjer eg når han hevder at våre populære filmer lærer oss opp til å tru at ingen av oss har det i oss til å bli helter dersom me ikkje har fått risset inn eit profetisk merke i pannen på forhånd. I følge Meslin er politisk endring er ein flytende, uryddig prosess uten ein definerbar start eller slutt. Ein må berre byrje ein plass, og slå ring rundt dei som forsøkjer å få noko til å skje. Derfor bør ein ikkje vike i frå politiske spørsmål fordi nokon ikkje har utpeikt deg til forskjemper, og derfor bør ein akseptere at samfunnsendringen ikkje vil gå pent og pynteleg for seg.

Husk at du kan forhåndsstemme på Stortingsvalget! Det koster lite, og det har masse å sei. Faktisk.