Gode steampunk vibber på Virtual Reality verksted

Tidleg (relativt tidleg) ein søndag har ein gjeng i frå Spillmakerlauget samla seg ved  Østre – Hus for Lydkunst og Elektronisk Musikk. Andledningen er ein Virtual Reality workshop og eg var så heldig å få ein invitasjon til å kome litt tidleg for å få prøve utstyret, seinere på kvelden skulle det vere gratis for andre å komme å teste.

Folk sto høfleg å venta på tur. Eg blei ståande å snakke med spelutviklerar og folk som var meir entusiastar og venner av spelutviklerane (slik som eg). Eg poengterte at når me sto slik i kø for å teste denne teknologien, “dette nye,” så kunne eg ikkje unngå å tenkje tilbake, langt tilbake, til korleis det må ha vore når folk skulle teste telefonen som teknologi eller lys som kom av straum. “Får litt sånn Steampunk vibber. Tenke litt på den industrielle revolusjonen,” sa eg. Dei andre smilte og nikka med. Ein sa, “kanskje blir dette ein revolusjon?” Det har blitt forsøkt gong på gong å få lansert ein VR teknologi for massene. Kanskje går det bra denne gongen? Ein ting skal seiast er at teknologien _er _imponerande, og blir kontinuerlig forbetra. Ballen ligg no meir og meir hos utviklerane som ein utfordring til å kome opp med spel og programmer som tek denne teknologien i bruk på ein smart måte.

Teknologiene me fekk teste var Novint Falcon, Leap Motion og Oculus Rift. Sistnevnte var nok den mest imponerande av teknologiane og bestod av VR briller med forskjellig bilete på kvart auge, to kontrollere og hodetelefoner (dette var utviklerversjonen og sluttbrukerversjonen som kjem ut om eit år kjem til å sjå ein del meir sexy ut). Settingen i det virtuelle miljøet var ein italiensk vingård som me fekk rusle forsiktig rundt i. Eg seier rusle forsiktig fordi ein måtte passe seg litt for å ikkje bli sjøsjuk. Dragningen mot å leve seg heilt inn i opplevinga var så sterk at eg kjente eit sug om å ikkje hoppe frå ein balkong i den italienske vingården. Eg gjekk bort til peisen, plukka om ein kubbe som eg så stakk inn i peisen med den eine neven. Og eg følte neste at eg måtte passe meg for å ikkje skalle inn i vegen. Neste umerkeleg så kunne eg kjenne at beina mine var klar til å trå tilbake som for å ikkje krasje inn i veggen, denne kjensla måtte eg aktivt undertrykke. Det var særleg når eg gjekk i trappen (for å bevege seg så brukte ein spakene på håndkontrollerne) at beina mine sakna kjensla av å trakke bevisst på trinn. Eg kjente klart at kroppen min var i balanse-beredskap for å takle det å gå i trapp. Det gjekk bra. Eg blei ikkje sjøsjuk som nokon andre blei, berre veldig imponert over teknologien.

Så, er spørsmålet om ungane våre kjem til å bli så drevne i VR og tankestyring at me eldre ikkje vil makte å hengje med? Eller at VR blir så vanleg at folk vil bli sjøsjuke av å vere i røynda. Her er det viktig at me verken er tekno-optimister eller tekno-deterministar, men i staden er tekno-pragmatistar (leste nettopp ein fin utgreiing om nettopp dette). Å velje kva me vil bruke slik teknologi til vil vere opp til oss. Og viss me fortsetter å lære “kidsa koding” så vil teknologien forhåpentlegvis berre bli meir menneskeleg. (Ok, kall meg ein liten optimist likevel.)

Oculus Rift Oculus Rift, her kunne ein sjå kva brukaren såg som var to litt forskjellige bilete på augene for å etablere ein dybdekjensle. Tilbehør til Oculus Rift. Tenkte litt på at eg håndhilste på ein androide. Oculus Rift, her har VR teknologien blitt så bra at det var ein reel fare for at folk falt overrende eller skulle gjere noko anna overilt difor måtte nokon alltid stå å passe på. Novint Falcon er ein type teknologi som spesialiserer seg på å gjengi ein taktil kjensle av å ta på ein overflate. Dette gjer den overraskande bra. Her fekk me teste Leap Motion, som kan kallast ein kinect på steroider. Asus har bla. tenkt å shippe sine laptopar med denne teknologien, ergo slutt på fettete touch skjermer.