Invitasjon til medlem frå Spillmakerlauget til å teste LookingForGroup

Hei kjære Spillmakerlaugsmedlem,

Kunne du tenkje deg å teste samarbeidsappen min LookingForGroup? :)

Eg. Forsker på IT og samarbeid og som del av masteroppgåva mi så har eg lagd ein web app ved namn LookingForGroup. Denne app’en bruker bla. ein del spillmetaforar og litt gamification for å forsøkje å skape meir samarbeid i eit uformelt strukturert miljø.

Du. Lagar spel og er eit medlem av Spillmakarlauget, om du er eit perifert eller sentralt medlem intet problem.

Invitasjonen går ut på å settje seg ned i ei gruppe på minst tre personer, maks fem, frå Spillmakerlauget, gå igjennom nokon scenarioer der ein bruker LookingForGroup og snakke ut om tankane ein gjer seg om produktet. Det vil bli tatt opp lyd, og det transkriberte resultatet kjem til å vere anonymt.

**Hele gruppeintervjuet tek maks 1time. **

Tid og stad. Ein ettermiddag i løpet av neste veke, altså mellom 15 – 19 April. Eg foreslår å ta det på måndag 15. April kl 16, og så får me sjå kor mange det kan passe for. Staden vil vere institutt for Informasjon og Medievitskap som ligg i sjette etasje på SV-fakultetet til UiB. Google maps.

Send meg gjerne ein melding om du kunne tenkje deg å vere med, på Facebook, Twitter eller mail: _nils@thunki.com _Edit: Nå er det komt opp ein Doodle for samkjøring av kalender, gå inn på denne Doddle’n for å krysse av for kva dagar du kan og så vil den dagen der flest kan bli valgt når det nærmer seg. :)

App’en LookingForGroup finn du her. Min deadline for masterinnlevering nærmer seg med stormskritt og eg hadde satt utruleg pris på om du hjalp meg. :)

Vennleg helsing,

Nils Norman Haukås