Masterliv: Har Facebook devaluert ordet ven?

I går hadde eg sjansen til å vere forelesar i faget interaksjonsdesign i samarbeid med Regine. Me kjørte to kjappe introduksjonar i henholdsvis kognitive aspekter og sosial interaksjon. Deretter gjekk me raskt over i å dele dei om lag tjue oppmøtte inn i grupper der dei fekk diskutere seg imellom, før me så tok gruppene sine synspunkt opp i plenum. Det blei nokre flotte meiningsutvekslingar der nokre synspunkt eller tankar gjorde seg gjeldande:

  • Me starta med å snakka om distraksjonar i kvardagen, der gruppene klarte å liste mange kjelder til distraksjon. Med slik innsikt i kva som distraerer oss kvifor let me oss herja slik med? Nyare forsking viser til at me tunge multi-taskerar ikkje multi-tasker fordi dei er særleg flinke til å halde fleire baller i lufta, men at det derimot heng meir saman med at dei er hekta på distraksjon og ute av stand til å stengje denne inputen ute (kjelde:forsking.no).
  • Vidare ikring temaet distraksjon så var det noken som forklarte at, “eg som regel blir distraert av mykje rundt meg, viss ikkje det er snakk om at arbeidet er så engasjerande at det i seg sjølv blir ein distraksjon." Eit veldig interessant synspunkt i frå salen må eg sei, som får meg til å tenkje på potensialet i spill og spillmekanikk for forbetring av arbeidsplassen. “Dette handler om flow det du nemner der,” tenkte eg (og sa i frå om). :)
  • “Har Facebook tømt omgrepet “venn” for meining?" Dette er eit interessant spørsmål for ein kan stille seg spørsmålet om kva skilnaden er mellom ein ven-ven og ein facebook-ven. For meg er vener folk eg stoler på, gode vener er folk eg kan sittje på kafé med (når eg har tid) og endeleg så har ein Facebook vener som ofte er meir bekjente.
  • Dersom eit interaktivt produkt som Facebook tilsynelatande kan devaluere omgrepet venn, så burde ein også kunne lage interaktive løysingar i stand til å forsterke det vennskap og ordet i seg sjølv. Til dette formålet nevnte eg applikasjonen Path, som frå starten av hadde ei begrensning på 50 vener og seinare har dei auka dette om lag hundre trur eg. Med dette er me ved kjernen i interaksjons design, nettopp det **å kunne forme samhandlinga mellom brukerar. **Kva om Facebook ikkje hadde hatt ein like-knapp, inkluderte ein not-like-knapp, nytta fyljar i staden for ven eller sat ein begrensning på 50 vener?
  • Spøkefulle tunger skal ha det til at interaksjonsdesign for det meste koker ned til “touchy feely,” men det har faktisk mykje å sei for dei liva me lev og det samfunnet me er på veg mot. Everything is amazing and nobody is happy.

Dett var dett. :)