Ide: Kva om SIB spelte SRIB?

Er tilbake på lesesalsplassen min etter å ha vore innom Studentradioen i Bergen, og hatt ein hyggeleg samtale med Frokostblanding om Pils & Programmering. Dykk skal snart kunne klikke innom måndagsshowet 7. Mai og høyre meg fable om programmering, pils og “the Ballmer constant” (også kallt det Ballmer peak).

CC-Attribution: Constantine Gerontis (flikr)

Så, til kjernen av dette innlegget:

  • Kva om SIB spelte SRIB?

Kva om Studentsamskipnaden sine kantiner tok inn smektande toner og engasjerande diskusjonar i frå Studentradioen i Bergen på morgonkvisten, og uttover dagen? Det er ein del studentar det. Har det blitt prøvd før?

Kanskje ein kunne ha testa det som eit prøveprosjekt i nokre kantiner, og så lodde stemninga for det i etterkant. :)