Boknotat: Teknodiversitet av Yuk Hui
Her fyljer nokre notatar om boka Teknodiversitet av Yuk Hui, som leverer filosofisk tankegods for ein djupare, avkolonisert teknologiforståing.
Eg har ikkje for vane å lese filosofi, men når eg tilfeldigvis plukka opp denne boka på biblioteket så syns eg den var for interessant til å leggje den frå meg. Boka inneheld essay skrivne av Yuk Hui, ein Nederlands-basert filosof frå Hong Kong som også er utdanna dataingeniør. Hui kjem til bords med eit friskt perspektiv på teknologi, og byggjer opp sine argument med sirlige referanser til både vestlege og austlege filosofar.
Boka byrjer med ein kritikk av vår noverande forståing av teknologi, som ein slags nøytral eksportvare. Vidare blir det argumentert for at me tek for gitt at teknologien utviklar seg lineært, og «synkroniserar» seg ubønnhørleg til resten av planeten, slik at alle land skal ta dei same stega mot det same målet, på same vis. Mykje av teknologifilosoferinga idag nøyer seg med å kommentere at den teknologiske utviklinga går raskare enn aldri før, og at sluttstasjonen vil anten vere ein frelsing eller fortaping for menneskeheita. Det er alt eller ingenting, og ingen nyansar.
Eg syns det var interessant korleis Hui påpeiker at med kunsten så er det tydeleg at me har eit forhold til ein geografisk dimensjon, i korleis me inndeler i til dømes skandinavisk kunst, fransk kunst, kinesisk kunst og så vidare. Denne forståinga av lokalitet og mangfald er noko me veit å annerkjenne ved kunsten. Det skulle tatt seg ut om kunst blei hovudsakeleg utvikla i Silicon Valley, for så å bli eksportert og implementert i resten av verda. Det hadde vore ein fattigare kunstforståing, men dette er nettopp slik me forstår teknologi i dag. Me tek mykje for gitt at nyvinningane frå Silicon Valley er produkt av ei lineær, aksellererande utvikling, som resten av verda må finne seg i å ta i bruk.
Parallelt med si kritiske analyse går Hui igang med å definere eit verktøysett av filosofiske omgrep for å kunne lede oss ut av denne filosofiske ødemarka. Sentralt i dette verktøysettet er omgrepet teknodiversitet, som representerer ein nødvendig fragmentering som skaper rom for ein ikkje-lineær utvikling og annleisskap ikring teknologi.
Teknodiversitet innebærer ikke bare lokale varianter av teknologier i forskjellige geografiske regioner i menneskets historie, men også forskjellige komplekse sett av relasjoner mellom mennesket og dets miljø (Hui, 2022, s. 10).
Slik eg forstår Hui så sikter han på å avromantisere og avmystifisere vår forståing av moderne teknologi. På same måte som me forstår kunst som noko globalt, lokalt og mangfaldig i same stund, slik hevder han at vår forståing av teknologi er nøydd til å også bevege seg.
Det vi kan gjøre nå er å utvikle en ny designpraksis og nye kunnskaper, fra jordbruk til industriell produksjon, som ikke står til tjeneste for industrien, men som tvert imot er i stand til å forvandle industrien. […] Gjennom dette initiativet kan vi forestille oss en teknodiversitet hindises tradisjonalisme og industrialisme. Teknodiversitet innebærer nye begynnelser (Hui, 2022, s. 193).
I sum, så er boka eit utgangspunkt for ein nødvendig nytenkning rundt teknologi. Eg kjem nok til å gløyme dei mest finmaska argumenta frå boka, men eg sit likevel igjen med rike idear om at teknologisk utvikling verken treng å vere lineær, dystopisk eller ubønnhørleg. Me kan og bør draume opp nye mangfaldige, rike teknologiperspektiv.
Eit lesetips til slutt er å smøre seg med tålmod. Boka er godt designa, innhaldet er spanande og godt skrive, men det kan likevel vere litt krevjande å forsere det filosofiske handtverket. Å lese Yuk Hui kan moglegvis vere som å spele fotball på lag med Lionel Messi som serverer fantastiske intellektuelle lissepasningar. Det var fleire gonger der eg måtte gå tilbake for å ettergå kva eg eigentleg hadde lese, eller slå opp ord som var nye for meg — til dømes antropocen —, men som truleg er veletablerte på filosofifeltet. At eg måtte bruke litt ekstra innsats for å få fatt på meiningshaldet, er inga kritikk av Hui som forfattar.