Boknotat: Why I Write av George Orwell
I 2004 utgav Penguin ei antologi kalla Why I Write, satt saman av eit knippe tekstar frå George Orwell, skrivne i tidsrommet 1931 - 1946. Her følger nokre grublerier om denne boka.
Av dei ulike tekstane så gjorde The Lion and The Unicorn (1940) særleg inntrykk. I denne teksten forsøkjer Orwell å gripe om den britiske folkesjela, og han fordømmer dei dekadente, tiltakslause britiske politikerane som leda fram til utbrotet av 2. verdskrig. Vidare skildrar han korleis det britiske imperiet fortsatt er stort og mektig, men at dei styrande har somla vekk frykteleg mykje tid på å tolerere fascismen, og på å vere tilskodar til Hitlers fremtog.
Kapitalistane — den såkalla «moneyed class» — får også unngjelda. Orwell skildrar korleis handelsstanden heilt fram til krigsutbrotet fortsatte å selje varer til land, som i neste augeblink skulle gå til krig mot Storbritania. Orwell noterte seg kor svikefullt det var at Storbritania no mangla varer som dei så nyleg hadde solgt til fienden.
Deretter går Orwell frå analyse til politisering, og skisserer korleis han meiner at Storbritania må radikalt omstrukturere seg for å kunne klare å motstå fremmarsjen til både fascismen og nazismen.
This war, unless we are defeated, will wipe out most of the existing class privileges. There are every day fewer people who wish them to continue. (Orwell, 2004, page 45).
For å vinne krigen meiner Orwell at Storbritania må konverterast til å bli ein krigsøkonomi sentrert rundt sosialisme. Sidan kapitalistene har vist seg ubrukelege, så meiner han at produksjonsmidlene bør nasjonaliserast for å kunne matche produksjonskapasiteten til fienden. Vidare må også klasseskilnader fjernast, for å fjerne avstanden mellom klassene, og dermed maksimere kampmoralen i folket, fordi det vil ikkje vere skilnad på lidinga mellom rik og fattig. At klasseutjevning styrka kampmoralen var noko Orwell hadde erfart då han kjempa i den spanske borgarkrigen.
Denne nye samfunnsarkitekturen kulminerer i ein fem-punktsplan for korleis Storbritania må ruste seg for krigen. Orwell nøyer seg ikkje berre med å forklare planen, men han skisserer også korleis planen best kan sirkulerast ut til befolkningen via mediene. Orwell spår at dei som sit med makt vil stritte imot denne samfunnsendringa, og at desto viktigare vil det vere å vinne kampen om narrativet i media.
For meg var denne teksten ei interessant tidskapsel frå eit land under krig. Der krigen blei utkjempa ikkje berre med bomber, men også i høg grad gjennom meiningsutvekslingane i media.
Tilbake til notida #
Hjelpes. Mon tru om eg har blitt ein pensjonist, sidan eg plutseleg lot meg interessera slik i Orwell og andre verdsskrig. Eg driv fortsatt å jobber meg gjennom boka 1984, som også er rivande bra lesing. Eg har ikkje oversikt over kor mange pågåande bokmerker eg har i ulike bøker.
I følge Roland Barthes så oppstår lesaren, ved forfattaren si død. Sjølv om forfattaren bruker aldri så mykje krefter på å byggje inn meining i teksten sin, så vil teksten oppstå på nytt i lesaren sitt meiningsunivers.
I mi noverande samtid så er det lett for tankane å gå til den pågåande krigen i Gaza. Forrige veke la Sør-Afrika fram ei sak i Den internasjonale domstolen i Hag, der dei anklagar Israel for folkemord. Hundretusenvis av menneske kunne klikke seg inn på livestream frå domstolen, og vere vitne til kampen om forteljinga utfolde seg. I skrivande stund har Israel mobilisert sitt diplomatiske apparat, for å freiste å få land til å leggje press på domstolen om å droppe saka. Her heime aksjonerar folk mot Melodi Grand Prix for å få dei til å boikotte Israel. Sjølv deltek eg på demonstrasjonar for å støtte Palestina, og for å fordømme Israel si apartheidpolitikk og krigskampanje i Gaza.
Alt dette vil også bli historie, men den må formast, og der kan alle bidra.