Var dei siste ti åra med JS-rammeverk bortkasta hype?

Våren er her. Snøen smelter og med det smelter kanskje noke av hypen rundt JavaScript-rammeverk?

I Changelog podcast episoden #263 titulert Web Development’s Lost decade leverer Amal Hussein eit intervju med Alex Russel. Russel er Microsoft partner på Edge teamet, og tidlegare tech lead for Web Standards teamet til Chrome.

Russel har vore tett på utviklinga av veven i ei årrekke. Gjennom intervjuet så synes eg det skin gjennom kor brennande oppteke han er av at veven skal funke godt for alle brukarar, sjølv dei med gamle mobilar eller pcar.

Bakgrunnen for intervjuet var at Russel nyleg forfatta eit flammande innlegg ved namn The Market for Lemons der han skriv:

For most of the past decade, I have spent a considerable fraction of my professional life consulting with teams building on the web. It is not going well. (Russel, 2023)

I mine auger og ører leverer Alex Russel ein viktig realitetsorientering av bransjen. Eg anbefaler å sjekke ut både innlegget og podcasten.

Sentralt i kritikken er at viss me ser på JavaScript som ein marknad så er det noko som skurrer. Igjen og igjen ser Alex Russel at utviklarar går ut og veljer populære JS-teknologier som så feiler spektakulært.

These are - and I cannot stress this enough; these are not bad engineers. These are people whose houses that they’ve constructed are extremely flammable, not because they didn’t know how to join the corners, and put up joists, but because the materials that they were sold were not fit for purpose. (08:07)

På husmetaforisk vis bemerker Russel at flinke utviklarar ender opp med å lage dårlege digitale løysinger fordi byggjeklossene innehar fundamentale feil. Dette er eit tankekors fordi om ein ser seg om i marknaden og veljer dei mest populære rammeverka og biblioteka så må ein vel vere sikra ei god løysing? Nei, ikkje nødvendigvis meiner Russel i intervjuet.

Eg har også sett digitale prosjekter velje dei mest populære teknologiane frå øverste hylle for så å gå i baret. Dette var også med flinke utviklarar bak roret. Korleis kunne det bere så galt av garde når den tilsynelatande beste teknologien blei brukt i tråd med den beste praksisen ifølge skaparane av teknologien?

Svaret er kanskje at det er forlokkande å gå for teknologien som det blir prata varmt om i blogger, streams og pocasts. Vidare gir det gjerne ro i sjela å velje det same som andre for då har ein i det minste ikkje gjort feil.

Men diverre så ser ein at å velje populære teknologier ikkje automatisk gir gode resultater. Her må me kanskje erkjenne at det ikkje er noko garanti for at ein teknologi eller arbeidsmåte automatisk er betre kun i kraft av at den er fersk.

Misforstå meg rett. Eg tenkjer det er heilt supert at folk forsøkjer å innovere i JS-landskapet, men da må me også bli flinkare på å evaluere byggjeklossane opp mot våre behov og prioriteringar. Fordi det er ikkje gitt at me har dei samme måla med koden vår som skaparane av koden me vel å byggje på.

Her ligg det moglegvis eit uutnytta potensiale i å ikkje berre ukritisk velje ny teknologi og ny praksis, men å kombinere det som ein ser fungerer godt uavhengig av datostemplinga på omslaget.

Eg likte at podcasten avslutta på ein positiv note med å oppmode oss til å evaluere sjølv. Som Russel seier, «okay, what is the evidence to say that this is actually improving my developer productivity?»

person som ser ut uttover blått hav med ein ferje og fjell i bakgrunnen

Frå ein ferjetur i Nord-Noreg 2022. Foto: Silje Løvli Lorentsen.