Guide for setup av IPv6-delegering med OpenWRT og Altibox
Da var IPv6-delegering på plass i heimen! Denne guiden er for deg som ønsker å drifte web-tenester i heimenettverket sitt og eksponere desse ut på den vide veven med ein global IPv6-addresse.
NB: Denne guiden er ikkje for alle. Internettleverandørar rullar IPv6 støtte ut saumlaust uten at du som brukar treng å gjere noko, men viss du ønsker meir kontroll over heimenettet ditt så er denne guiden for deg.
Kort om IPv6-delegering: IPv6 skiljer seg frå IPv4 ved at addresseformatet kan støtte uhorveleg mange fleire addresser. Dette betyr at du ikkje berre kan få tildelt ein global IPv6-adresse på ruteren din, men at du også kan delegere globale IPv6 adresser innad i heimenettverket. At det er ein addresse som er globalt unik på planeten betyr at folk kan få ein utvetydig link til ikkje berre ruteren din, men ein konkret maskin i nettverket ditt.
Trådlaus fridom #
Motivasjonen min for å ville tukle med heimenettverket er at eg har lyst til å teste å drifte eit knippe med tenester som eg eksponerer ut mot den vide veven. Til dømes har eg lyst til å teste ut Yunohost og Dokku, og ikkje minst lære meir om nettverksadministrasjon og IPv6.
Altibox har lengje jobba med å tilgjengeleggjere IPv6 for sine kunder (kjelde). Og viss ein skal tru sinte kunder i media som har mista sine IPv4 addresser så har dette arbeidet intensivert i nyare tid.
OpenWRT er eit stykke åpen-kjeldekode programvare som kan installerast på ruterar. Vanlegvis når du kjøper ein ruter så vil produsenten gjerne tilby sikkerhetsoppdateringer i nokre år etter lansering. Men ofte går det ikkje lang tid før produsenten flytter fokuset og slutter å supportere eldre rutermodeller. Da kan du enten punge ut for ein ny ruter eller installere OpenWRT som er supportert med dugnadsarbeid.
I skrivande stund drifter eg heimenettverket med ein Linksys WRT1900AC ruter eg har kjøpt brukt for 500,- kr og installert OpenWRT versjon 22.03.2. Utover å lære meir om nettverk og dele kunnskap så ønsker eg også å minimere kostnadar for at dette skal vere meir tilgjengeleg for andre.
Korleis aktivere IPv6-delegering med OpenWRT #
Før du byrjer: Du treng ein ruter med OpenWRT installert. Ruteren må vere konfigurert i bro-modus mot Altibox. Og du bør ha fullført guide for førstegongs-oppsett og gjort deg kjend med grensesnittet.
Alright. La oss skride til verks.
Logg inn på ruteren din og naviger til network -> interfaces.

Skjermbilde fra innlogget dashboard på OpenWRT ruter.
For WAN6-grensesnittet (interface) bør det vere ein IPv6 addresse allereie, som betyr at Altibox har tildelt ruteren din ein IPv6 adresse. Klikk på edit-knappen for WAN6-grensesnittet for å få fram en dialogboks.

Skjermbilde av dialogboks for WAN6-grensesnittet.
I dialogboksen for WAN6 velger du fanen DHCP server. Der vil det være ein sjekkboks for å aktivere DHCP server, og når du klikker aktiver så vil du få opp to underfaner.
I underfanen for IPv6 Settings krysser du av for designated master, og setjer RA-Service, DHCPv6-Service og NDP-Proxy til «relay». Klikk deretter «Save» for å lagre og lukke dialogvinduet.
Klikk «Save & Apply» knappen for å lagre endringene så langt.
Finn deretter LAN-grensesnittet og klikk edit-knappen.

Skjermbilde av dialogboks for LAN-grensesnittet.
I dialogboksen for LAN-grensesnittet så veljer du fanen DHCP Server og underfanen IPv6 Settings. Her setjer du RA-Service, DHCPv6-Service og NDP-Proxy til «relay». Klikk deretter «Save» for å lagre og lukke dialogvinduet.
Klikk «Save & Apply» for å iverksette endringer.
Naviger til https://test-ipv6.com/ for å bekrefte at IPv6 fungerer.
Takk til brukeren Gandalf på OpenWRT-wikien for denne IPv6 guiden som hjalp meg imål. Denne guiden er eit forsøk på å lage ein enda tydelegare guide spesielt for Altibox.
Resultat #
- Min MacBook 2016-modell (macOS v12.6.3) feiler av ein eller annen grunn på https://test-ipv6.com. Eg testet også å køyre
traceroute6 ipv6.google.com
i terminalen utan hell, kommandoen berre går og går utan å komme i mål. Når eg køyrerifconfig
så kan eg sjå at maccen har fått ein IPv6 addresse. Eg har ikkje feilsøkt veldig grundig sidan eg ikkje skal drifte web-tenester på denne laptopen. - Eg har også ein eldre XPS 13 laptop med Linux Mint 21.1 der får eg grønt lys på https://test-ipv6.com og
traceroute6 ipv6.google.com
er suksessfull.
Kjelder #
- OpenWRT forum og wiki
- Diskusjon.no: Underforum for nettverk
- self-hosted.show podcast
- UNIX and Linux System Administration Handbook
Har denne guiden hjulpet deg eller har du funnet feil eller mangel? Gi meg gjerne eit pip per epost. :)