Guide for setup av IPv6-delegering med OpenWRT og Altibox
Da var IPv6-delegering på plass i heimen! Denne guiden er for deg som ønsker å drifte web-tenester i heimenettverket sitt og eksponere desse ut på den vide veven med ein global IPv6-addresse.
Oppdatert 23.02.24: Bugfikset denne guiden. Eg blei kontakta om at guiden ikkje hadde funka, og då viste det seg at eg hadde misforstått nokre av OpenWRT instillingane. Dette er no retta opp i.
NB: Denne guiden er ikkje for alle. Internettleverandørar rullar IPv6 støtte ut saumlaust uten at du som brukar treng å gjere noko, men viss du ønsker meir kontroll over heimenettet ditt så er denne guiden for deg.
Kort om IPv6-delegering: IPv6 skiljer seg frå IPv4 ved at addresseformatet kan støtte uhorveleg mange fleire addresser. Dette betyr at du ikkje berre kan få tildelt ein global IPv6-adresse på ruteren din, men at du også kan delegere globale IPv6 adresser innad i heimenettverket. At det er ein addresse som er globalt unik på planeten betyr at folk kan få ein utvetydig link til ikkje berre ruteren din, men ein konkret maskin i nettverket ditt.
Trådlaus fridom #
Motivasjonen min for å ville tukle med heimenettverket er at eg har lyst til å teste å drifte eit knippe med tenester som eg eksponerer ut mot den vide veven. Til dømes har eg lyst til å teste ut Yunohost og Dokku, og ikkje minst lære meir om nettverksadministrasjon og IPv6.
Altibox har lengje jobba med å tilgjengeleggjere IPv6 for sine kunder (kjelde). Og viss ein skal tru sinte kunder i media som har mista sine IPv4 addresser så har dette arbeidet intensivert i nyare tid.
OpenWRT er eit stykke åpen-kjeldekode programvare som kan installerast på ruterar. Vanlegvis når du kjøper ein ruter så vil produsenten gjerne tilby sikkerhetsoppdateringer i nokre år etter lansering. Men ofte går det ikkje lang tid før produsenten flytter fokuset og slutter å supportere eldre rutermodeller. Da kan du enten punge ut for ein ny ruter eller installere OpenWRT som er supportert med dugnadsarbeid.
I skrivande stund drifter eg heimenettverket med ein Linksys WRT1900AC ruter eg har kjøpt brukt for 500,- kr og installert OpenWRT versjon 23.05.2. Utover å lære meir om nettverk og dele kunnskap så ønsker eg også å minimere kostnadar for at dette skal vere meir tilgjengeleg for andre.
Korleis aktivere IPv6-delegering med OpenWRT #
Før du byrjer: Du treng ein ruter med OpenWRT installert. Ruteren må vere konfigurert i bro-modus mot Altibox. Og du bør ha fullført guide for førstegongs-oppsett og gjort deg kjend med grensesnittet.
Alright. La oss skride til verks.
Logg inn på ruteren din og naviger til network -> interfaces.
For WAN6-grensesnittet (interface) bør det vere både ein IPv6 addresse og ein IPv6-prefiks addresse allereie, som er tildelt frå Altibox ruteren din. Klikk på edit-knappen for WAN6-grensesnittet for å få fram en dialogboks.
Her i dialogboksen for WAN6 kan du dobbeltsjekke at instillingene er korrekt. Ruteren skal vere satt opp til å automatisk forsøkje å hente IPv6 addresse og IPv6-prefiks addresse.
Finn deretter LAN-grensesnittet og klikk edit-knappen.
I dialogboksen for LAN-grensesnittet så veljer du fanen Advanced Settings. Der sjekker du at IPv6 assignment length er satt, som betyr at ruteren vil ta sin tildelte IPv6-prefix addresse og fordele globale IPv6 addresser på enheter tilkoblet LAN-grensesnittet. Videre går du til fanen DHCP Server og underfanen IPv6 Settings. Her setjer du RA-Service og DHCPv6-Service til «server». Klikk deretter «Save» for å lagre og lukke dialogvinduet.
Klikk «Save & Apply» for å iverksette endringer.
Naviger til https://test-ipv6.com/ for å bekrefte at IPv6 fungerer.
Takk til brukeren Gandalf på OpenWRT-wikien for denne IPv6 guiden som hjalp meg imål. Denne guiden er eit forsøk på å lage ein enda tydelegare guide spesielt for Altibox.
Takk også til OneMarcFifty for knallgode videoguider på OpenWRT og IPv6. Når eg skulle gjere min andre revisjon av denne guiden så var det videoane hans som fekk IPv6 forståinga til å endeleg sitje.
Resultat #
- Min MacBook 2016-modell (macOS v12.6.3) feiler av ein eller annen grunn på https://test-ipv6.com. Eg testet også å køyre
traceroute6 ipv6.google.com
i terminalen utan hell, kommandoen berre går og går utan å komme i mål. Når eg køyrerifconfig
så kan eg sjå at maccen har fått ein IPv6 addresse. Eg har ikkje feilsøkt veldig grundig sidan eg ikkje skal drifte web-tenester på denne laptopen. - Eg har også ein eldre XPS 13 laptop med Linux Mint 21.1 der får eg grønt lys på https://test-ipv6.com og
traceroute6 ipv6.google.com
er suksessfull.
Kjelder #
- OpenWRT forum og wiki
- Diskusjon.no: Underforum for nettverk
- self-hosted.show podcast
- UNIX and Linux System Administration Handbook
Har denne guiden hjulpet deg eller har du funnet feil eller mangel? Gi meg gjerne eit pip per epost. :)