Film til folket

Bilete av Biff billettar

Støvet har lagt seg etter Bergen internasjonale filmfestival.

For ein fin festival.

Eg såg ti filmer. Mange av dei gjorde inntrykk (og to av dei fekk meg til å duppe av). Her vil eg gjerne trekkje fram tre av filmane som gjorde mest inntrykk.

Tomorrow: Av den enkle grunn at den gir meg håp for framtida. Styrsteparten av klimafilmene der ute er for det meste berre doom & gloom. Slike filmer får oss til å innsjå alvoret, men dei fungerer ikkje nødvendigvis så bra til å mane til handling. Det gjer denne dokumentaren. Dokumentaren tek ikkje berre for seg miljø i seg sjølv men også meir djupe systemiske problem ved samfunnet vårt. Og ikkje minst så viser dokumentaren at det er ein heil del som kan gjerast og som blir gjort kvar dag. Inspirerande rett og slett.

Accidental courtesy: Her møter me ein afroamerikaner ved namn Daryl Davis som i ein årrekke har fått fleire høgreekstremistar til å ta avstand frå hatet. Hans enkle premiss er, “how can you hate me when you haven’t even met me?” Davis går i dialog der andre tyr til avsky og sekludering. Dokumentaren er ein liten augeåpner på mange plan.

Sonita: I denne dokumentaren får me fylje Sonita Alizadeh ei ung jente som har flykta til Iran og som ynskjer å bli ein rapper. Midt oppi dette ynskjer hennar Afghanske familie å gifte henne vekk for pengar, ein skikk som går djupt i det Afghanske samfunnet. Eg synst det er ein kraftfull dokumentar med mange imponerande kvinner inkludert Alizadeh sjølv. Etter filmen så blei eg sittjande å vere takknemlig for ting som ytringsfridom, fridom og sosial mobilitet.