Hørt på kjøkkenet

“Her er det visst ein sak om at i Kina så var det ein mann som beit av nasen til kona si. Grunnen var at kona ikkje hadde tatt telefonen når mannen hadde ringt. Har du sett på maken?”

“Beit av nasen..? Uten å koke den?”

. . .

“Nei, det blir vel fælt no uten ein nase. Kva skal ho gjere då..?”

“Kunne kanskje transplantert hud i frå ein annen del av kroppen. Eller kanskje ein kunne dømt mannen til å gi frå seg nasen sin?”

“Mja, det er jo vanskeleg å få sånt til å passe. Kroppen støter jo ofte frå seg det som kjem frå andre. Men kanskje viss dei syr den skikkeleg fast..?”

. . .

“Men ein kunne jo kanskje brukt ein gris. Dei er jo så like mennesker seier dei.”

“Sydd på ein grisenase altså?”

“Ja, det hadde kanskje vore mulig?”