Lederskap og frivillig arbeid: Tre råd

Med tida så har eg fått gjort meg mange flotte erfaringar med frivillig arbeid. Som skrivegruppeleder og seinare organisatorisk nestleder i Studentteateret Immaturus, fagutvalgsleder ved instituttet eg studerte og styreleder i Kompiler og Bergen Game Jam. Her vil eg gjerne dele tre råd til andre som drister seg til å lede frivillige organisasjoner.

Eigerskap, frister og oppfølging er nøkkelen til gjennomføring #

På dette punktet er eg ikkje perfekt, men eg har fått gjort meg masse tanker om korleis det burde vere. Det er lett å suse gjennom eit møte der mange flotte idear kjem fram for kva organisasjonen kan ta for seg. Møtet blir omsider hevet, eit referat skrevet og tilbake på bordet ligg alle desse ideane som “me alle burde gjere noke med.”

“Dette er noko som me alle bør gjere noko med” fører som regel til at ingen gjer noko med det. Og med ingen så er det faktisk ikkje heilt sant, fordi det vil vere ein viss ingen (den med størst samvittighet) som fort ender med å gjere oppgåva likevel. Resultatet er at denne praksisen kan få fortsette ufortrødent vidare.

Løysinga er at alle oppgåver må eiges av kun ein person. Vidare det settast ein frist ellers kan ein umogleg vite om oppgåve er ferdig. Eit godt tips her er å la personen som seier seg villig til å ta på seg oppgåva få settje fristen sjølv. Og utan oppfølging i etterkant så er alt dette forgjeves. Gjennom oppfølgingen yter leiaren kanskje sin største verdi. Så, oppfølg!

Delegering er arbeid #

Når ein skal lede eit frivillig arbeid så er det fryktelig lett å føle at ein berre driv å lesse arbeid på andre. På mange måter er det sant, men så må ein ikkje gløyme at koordineringsarbeidet faktisk er arbeid. Til dømes så har eg den siste uka tenkt mykje på eit forefallande stykke arbeid som me treng å kome i gong med. Og for å kunne ta tak i det er eg nøydd til å samle dei frivillige i ein tid som er ganske travel (tidlig desember). I etterpåklokskapen sitt lys innser eg at eg burde ha delegert ferdig oppgåver av denne typen mykje tidlegare i semesteret. Men men, det var ein avsporing. Memo til deg sjølv: Deleger meir. Stol på dei du har rundt deg.

Det skal vere ok å seie at ein ikkje kan ta på seg ei oppgåve. #

Det er like viktig å seie frå at ein ikkje kan gjere ei oppgåve som det å seie at ein kan gjere det. Tidvis vil det bli svært hektisk i organisasjonen og det vil florere med oppgåver som det haster med å få gjennomført. Likeins vil det truleg vere like hektisk i liva til dei frivillige. Dette fører fort til interne spørrerunder om nokon kan ta på seg visse oppgåver med det resultatet at det er svært få som tek seg bryet med å svare. Dermed blir leiaren usikker neste gong det er andre oppgåver som treng å bli gjort.

Dette er ein nyoppdaget, uløst nøtt, men eg trur løysinga ligg i å takle problemet lengje før det oppstår. Heilt i starten av arbeidet så burde ein leggje til grunn kva for forventninger alle har for arbeidet. Kor mykje seier ein seg (fri)villig til å jobbe med rett og slett. Og så er det opp til alle å vere deltakande, kommuniserande og åpne om kor travle dei er.

Så får eg håpe at du ikkje er blitt heilt avskremt. Frivillighet er utfordrande, men tross alt veldig givende. :)