Å finne balansen i eit forhold

Her vil eg gjerne greie ut om den utfordringen det er å finne balansen i eit forhold der begge parter både får nok tid til egne greier og tid til å vere saman. Det er like mange måter å gjere dette på som det finst parforhold i verden, men eg har nå fått gjort meg ein del erfaringer i det siste. Eg liker å kalle det eit “pågående samarbeidsprosjekt” dette med å finne balansen. Ja, eit forhold dreier seg om kjærlighet, nærhet og tilhørighet men i tillegg så er det også rett og slett utfordrende samarbeid.

“Har du tid til meg i kveld?”

Dette spørsmålet treff meg tungt om brystet. Men sjølvsagt har kjæresten full rett til å lure på når me skal få tid til å vere saman som par. Mitt lodd i livet er at eg berre har så mykje eg ynskjer å utrette. Kvar veke så er det ørten prosjekter som eg ynskjer å få fortgang på. Heile tiden. Resultatet er at eg får knapt med tid både til meg sjølv og spesielt til min kjære.

I noken parforhold er det slik at begge parter treng mykje plass. I andre forhold ynskjer begge å vere mykje saman. I vårt forhold har me eit ulikt avstandsbehov og dermed desto meir behov for balanse. Det blir meir “give and take.” Visse kvelder vil det vere riktig å seie i frå at ein treng tid til eigne greier. Andre kvelder vil det vere viktig å settje til sides eigne behov for å møte den andres behov. I samme setning så må det seies at eg har jo faktisk behov for å vere saman med kjæresten min. Hovedutfordringen min er at eg mangler work-life balanse som igjen fører til at all forholdsbalanse blir vanskelig.

Løysinga ligg vel i ein form for fleksible normer veks fram over tid. Noko som ikkje er produkt av knallharde forhandlinger, men som kjem ut av aktiv lytting både til sine eigne og den andre sine behov. For min del så føler eg at sjølv om eg er flink til å møte kjæresten min sine behov så er eg ikkje flink nok til å vite kva som er mine behov og virkelig framføre dei behova. I følge forskeren Brene Brown så er virkelig empatiske mennesker ofte dei som er flinkest til å settje grenser for kor langt dei vil strekkje seg for andre. Alternativet er at personen slit seg ut.

Viss du er i eit forhold så lurer eg på kva for normer dykk har rundt denne forholdsbalansen. Er det f.eks. ein spesiell måte ein burde sjå på dette på?