Livstilshacking: Korleis bli kvitt facebook reklame og skilje vener frå bekjente
Nett no er det to utfordringar ved Facebook (1) aukande reklame og (2) vener (utdypes nedenfor). Denne posten presenterer nokre triks eg har komt over for å gjere Facebook litt meir trivelig, og avslutter med ein refleksjon rundt poenget med sosiale nettverk.
Gøym reklamen #
Facebook reklame er som ugress, umogleg å bli kvitt heilt. Men det hjelper å luke i beddet. Ugresspray finst i form av innstikk som AdBlock. Den fjerner mykje av reklamen som plar å liggje i kolonnen til høgre inne i Facebook. Takk til Marius for tipset. :)
Desse skjermbileta viser korleis ein blir kvitt oppdateringar i frå ei side som ein har liket. (Så, kan ein spørje seg om kvifor ein liket siden i fyrste omgang.)
Steg 1: Kvart innlegg har ei lita pil oppe til høgre. Klikker ein på den så får ein opp ein meny med bla. eit val for å gøyme innlegg. Steg 2: Anten avlik siden eller gøym framtidige innlegg i frå siden.
Promoterte postar, siste skudd i reklamearsenalet #
Promoterte postar, du har kanskje lagt merke til desse? Dette er siste skrik innen facebook reklame. Facebook får det til å sjå ut som om vennene dine driv å aktivt liker poster som eksempelvis DNB eller Idar Vollvik har opprettet (nb, eg har intet i mot desse merkevarene). Personane har truleg liket henholdsvis DNB eller subscribet/liket Idar Vollvik og dermed har dei automatisk blitt ambassadørar for merkevarene.
‘I stopped “liking” brands as soon as I realized it was the same thing as signing up for their marketing emails. For example, I love the movie Blade Runner but I don’t need to read about every new blu-ray release of it, so I don’t “like” it in the context of Facebook.’ ~ Is Facebook “broken on purpose” to sell promoted posts?
Det du treng å vite, er at prosedyren for å gøyme oppdateringar i frå eit varemerket er den same som for andre sideoppdateringar. Klikk på den lille pila over innlegget, vel gøym og pass på å sei at du ikkje ynskjer fleire oppdateringar frå den same kjelda.
Mykje av Facebook fungerer likeins. Ofte kan ein blokkere ytterligare event invitasjonar, videre oppdateringar på eit innlegg du har liket, ein fellesmail du er blitt inkludert i, spillinvitasjonar osv.
Løys veneutfordringa i ein fei #
Innrøm det. Det er personar på venelista di vis statusoppdateringar du korkje kommenterar på eller liker. Likevel kan du ha gode grunnar for å ville ta vare på denne koplinga for framtiden.
Visste du at Facebook kan sjå på venelista di og foreslå å settje personar som bekjente?
The Acquaintances list is for friends you don’t need to stay in close touch with. People on your Acquaintances list will rarely show up in your news feed. You can also choose to exclude these people when you post something, by choosing Friends except Acquaintances in the audience selector. No one will be notified if you add them to this list. ~ Kjelde: Facebook
Prøv Facebook tjenesten for nesten-automatisk organisering av vener. Du må vere innlogga på Facebook for at denne skal fungere.
Pro-tips: Smarte lister #
Sett lister som favoritt for å kunne kjapt nå dei.
Å organisere venene sine i lister. Ein fryktelig tanke. Men eg trur både du og venene dine kan ha godt av det. (Kva er Facebook lister?).
Eg har tre lister, i tillegg til hovedstraumen.
- Folk eg kan ta ein kopp kaffe med
- Programmererar
- Bekjente
Desse listene har eg satt opp som favoritter slik at eg raskt kan nå dei. Berre ved eit blikk kan ein sjå om det har vore nokre oppdateringar i ein av straumane.
Ei liste er ein straum der statusoppdateringane skrivne i den kun går til dei som er i straumen.
Dermed kan eg lettvint stille programmeringsspørsmål til programmere utan at heile verden treng sjå det eller så kan eg skrive noko meir personleg i ein annen straum. Ein kan vere akkurat så intern eller personleg som ein treng å vere.
Det er framleis ganske nytt for meg å ha venelister. Framleis er alle oppdateringane mine offentlege (eg liker vel merksemd). Kan hende eg går over til å oppdatere litt meir selektivt berre for å sjå korleis det føles. Fyrst og fremst har dette gjort Facebook meir personleg sidan eg no lettare kan sjå venene mine blant bekjente.
Mi grovkorna tommelfingerregel er at ein burde kunne ta ein kaffe eller te med vennen utan at det føles anstrengt.
Meir optimistisk til sosiale medier #
I skrivande stund er det jul, og ca. eit år sidan sat eg og lurte på korleis eg skulle organisere det digitale livet mitt (lenke til bloggpost). Denne gongen er eg meir optimistisk fordi:
- EU byrja i januar 2012 ein utredning av digitale personvernsregler. Dei ynskjer bla. å styrke retten til å bli gløymd og retten til å enkelt kunne flytte sine data til ein annan sosial nettverksteneste. Sistnevnte er ein big deal. Les meir om det her.
- Eg innsåg at sosiale nettverk som Facebook, Twitter, Google Plus og Instagram i bunn og grunn tilbyr dei samme teknologiske finessene. Skilnaden ligg i brukarane og kva folk vel å bruke nettverket til. Graset er kanskje grønare på andre sida, men så kan ein også ta grep for ein penare plen heime.
- Det er ingenting feil med sosiale nettverk. Ting var ikkje betre før. Det viktige er å vere litt realistisk ved å vite kvifor du bruker tjenesten. Og pragmatisk ved å utforske moglegheitene for å tilpasse tjenesten til den bruken du vil ha. Sjølv bruker eg Facebook for halde kontakt med vener, WordPress for å skrive lengre innlegg og Twitter for diskusjon og oppdage ting tilknytta interessene mine. I tillegg har eg forsøkt å knytte dei saman slik at eg berre treng å poste ting ein gong.
Mennesker likar sosiale nettverk #
Ein kan også spørje seg, kvifor ein driv og brukar tid på sosiale nettverk i det heile. Svaret er som regel ein av desse.
- Eg treng å følje med på kva som skjer.
- Eg set pris på den sosiale interaksjonen.
- Eg likar merksemd. Det gjer du og. Mennesker liker merksemd.
Mitt drøymenettverk #
Etter å ha reflektert ikring sosiale nettverk så har eg forsøkt å svare på det perfekte sosiale nettverket er.
Ansikt til ansikt er den beste sosiale interaksjonen. Dersom me er einige om det, så burde me byrje å sjå etter korleis me kan bruke Twitter, Facebook og Google Plus for å lettest mogleg kunne møte kvarandre til te eller kaffe.
La oss vere pragmatiske i møte med teknologien, bruke det som gjer livet meir givande og forkaste det som ikkje gjer det. Så, enkelt. Når me blir gamle og vener byrjer å falle i frå, då vil me vere glade i alle moglegheiter for å både kunne skape nye kontaktar og halde kontakten.
(Denne posten tok ein del tid å skrive, så del meg vidare om du likte den.)
Ha ein fin dag vidare. :)
Den gode samtalen går aldri av moten. :) Foto: Eric Parker lisensiert under Creative Commons CC-BY-NC.