Forslag til løsning – Rusavhengige og social gaming i Bergen

Heisann! Dette blir berre ein kort skisse over ei radikal løysing (trur eg), for Bergen sitt rusproblem. Mykje inspirert av denne boka: Reality is Broken.

  1. Små oppgåver omsatt i poeng. Rusavhengige bør bli tilbudt eit sett med oppgåver alá det å kunne stå å selje Megafon. Dette kan ekspanderast til å omfatte andre små oppgåver, som f.eks. generelt reinhold av byen, styre og stell av blomster, av gravsteinar. Her må ein berre vere kreativ i opprettelsen av oppgåver. Og før du blir altfor forferda av dette, så kan eg sei at det allereie finst eit liknande konsept for mikrofrivillighet i USA: www.sparked.com !
  2. _Poeng omsatt i metadon: _Om punkt 1 vil få folk til å protestera så vil kanskje dette enda meir? Ingen blir rike av å tigge etter pengar. Om ein ser på bistand til land i Afrika over tid, så er det landa som ikkje har mottatt bistand som står sterkast no (meir info om dette). Poenget mitt er at rusavhengige bør få tilgang til metadon, men samstundes måtte jobbe for det. Alt anna er passifiserande, og øydeleggjande.

Me må omrigge systemet slik at rusavhengige kan jobbe meir for seg sjølv, men fremfor alt må me omrigge systemet slik at det ikkje går an å tene penger på rusavhengige. Faktumet er at det ligg ein stor kriminell gevinst i å aktivt holde nede desse menneska. Gjer me det slik at rusavhengige kan jobbe for seg sjølv, ved å utføre småoppgåver for kommunen og omsette det i lovleg metadon så håper eg at det kan vere ein krok på døra for langerane og samstundes ein styrking av kjensla av nytteverdi hos desse menneska. Desse menneska som er avhengige av å henge rundt kriminelle for å få dopet sitt.

Det er nok mange problem knytta til dette, og det er lytt å skyta ned unge idear som denne, men den nåverande situasjonen er uholdbar. Skal ein berre akseptere status quo, og lukke augo i håp om at “problemet” døyr ut? Eller skal ein tørre å ta grep, ta prøvande steg i ein retning mot ei anna tilværelse? Nokre feilsteg blir det nok på vegen, men berre det å vite at ting er på vei mot noko. At ting er i endring, slikt gjer håp.

Håper dette var ei tanke verdt å dele, for å nytta ted.com språket. ;) Ha ein fin dag.

Cheers,

Nils N. Haukås