Å velga seg eit språk

Å velga seg eit språk. Huff puff. Er nesten lika vanskelig som det å velga mellom pokemon var i sin tid, hehe. Akkurat nå så rives eg litt mellom ulike språk, coffescript (video) + node.js (video) og python (yay, found a full Python tutorial Video series!) + Twisted (video introduction).

Eg hella mot coffescript i starten fordi, “it’s just javascript”  som faktisk er lett å skrive. Til eksempel er Gmail er skrive i javascript, og dette er eit språk som ein nesten må lære seg for å få på plass dynamiske webapplikasjonar (Ref: Video). Eg kan lite om desse språka, det må eg berre sei. Men eg klarar berre ikkje heilt å bestemme meg. Skulle til å gå for å læra meg coffescript + node.js fordi den kombinasjonen skal vere i stand til å takle særs mykje trafikk. Men idag kom eg over denne blogposten Node.js is Cancer, der det er ein som kritiserar node.js sønder og saman. Sidan node.js er særs i vinden no for tida så kom motsvaret fort, og på Reddit finn du den vidare diskusjonen som bla. den artikkelen førte til. Ikkje heilt til å bli klok på. :)

“Verktyg er verktyg”

Det kjedelege svaret er vel at det kjem an på, og det ligg på programmeraren å velje rett verktyg (rett språk) for jobben. Nett no, driv eg også å snusar på Visual Basic .net fordi eg kunne tenkje meg å skrive eit program som les kva Spotify spelar og postar den infoen automatisk til Twitter. Visual Basic står ikkje heilt høgt i vinden hos alle, men det er kanskje det lettaste verktyget for meg å bruke til dette formålet sidan eg har funne nokre nyttige bibliotek eg kan byggje vidare på.

Uansett. Motivasjonen er framleis godt på plass mykje grunna denne presentasjonen i frå Disqus, der dei fortel korleis dei handterar nettrafikken deira.

25 000 forespørringar/per sekund på det høgaste. Phew. Spanande tykkjer eg. :)

http://blip.tv/play/g4Vigqr8YwI

Edit: Sadly it seems that the video has been removed. But I think I was able to find the slides they used for the presentation.