Masterliv: Om produktivitet og sjakk

Eit lite recap av ein bloggpost med tanker rundt produktivitet, relasjonar og sjakk. Denne helgen er eg i Oslo for å besøke ein fetter av meg (på min Filipinske side), Erwin, som nettopp har flyttet til Norge for å freiste lykka med å få seg jobb som sykepleiar. :) Norsken hans begynner å komme seg på plass, og det er nesten litt synd når eg kjem her med vestlandsdialekta mi og forvirrar med uttrykk som “egskjakje,” “kasynsduomna,” og “dumåkjenølameåspørromnoke.” Av eigen erfaring så er det typisk at når du lærar eit nytt språk, så er ei av utfordringane å komme over kjensla av at alle orda flyt saman.

Me byrja dagen i dag med å sjå ein forelesning om produktivitet, eller sekulær preken som de kallte det om produktivitet. Eg er ein sucker for inspirerande videoar (Eks. Creative Mornings, Ted.com, Google Tech Talks), og denne gongen fekk eg med meg søskenbarna mine når eg satt og såg denne 45 min lange presentasjonen.

[…] In this sermon, Jane [McGonigal] urges us to become more productive in what really matters in life – happiness, resilience, and meaning — by spending more of our time playing bigger and better games. […] – More info

Kva er produktivitet, og kva vil me eigentleg oppnå i livet? Eg la spesielt merke til omgrepet McGonigal presenterte PERMA (Positive emotion, Relationships, Meaning and Accomplishment). Rådet hennar var å byrje med PERMA som utgangspunkt, og så finne ut korleis ein kunne finne oppgåver for å oppfylle ei eller fleire av PERMA faktorane.

Så, me gravde fram eit sjakkbrett og stakk ut i solen for å spela og bygga sosiale relasjonar.

Det endte med at eg vant litt, og tapte litt. Men var det produktivt? Ja, det synes eg. Det som blei “produsert” var ein del smil, innbitte tenkerynker, ei oppleving og sluttvis sterkare relasjonar. I tillegg var det også ein følelse av “overskudd,” som i sin tur førte til dette innlegget. Og eg skal i alle fall forsøke trikset med å ta i bruk min signatur styrke (ref. McGonigal) for å få kjedelige ting gjort, og spele spel for å forstra samhaldskjensle midt oppe i det som kan vere eit einsamt masterhøve.

Tenkjer du ofte på, eller bekymrar du deg ofte om produktivitet?

Bonuslevel, forskning.no: Spill som en etisk øvelse, (å spela sjakk i denne settingen fekk meg til å tenkje på denne artikkelen som grunnar rundt kva spel som ludo og sjakk kan lære oss om livet).