FOSDEM 2026: Eit reisebrev frå Brussel
I eit mørkt hotelrom ved Oslo Gardermoen lufthavn går det av ein alarm kl 04:40 31. januar 2026 og ein silluett velter seg ut av senga. Det er på tide å starte ferda til FOSDEM 2026.
Med trillekofferten på slep piler eg ned til hotellfrukosten som starter kl 5. Eg hiver i meg eit par brødskiver og ein fruktsmoothie før eg sjekker ut i lobbyen 05:30. Utrusta med balaklava, votter og tilhørande frostrøyk trillekofferter eg meg gjennom ein snøfri passasje som binder hotellet med flyplassen. Sikkerhetskontrollen går raskt og eg rekk flyboardinga 06:15 med god margin.
Brussel flyplass er diger. «Velkommen til det store utland» rekker eg å tenkje, medan eg forserer utgående, inngående og tverrsgåande mennesker. Klokka er 09 og konferansen har allereie starta. Eg har lyst til å gjere mest ut av denne turen difor hastar eg til kollektivområdet for å ta buss eller tog. Heile vegen er det folk. Eg går feil. Stussar over skiltinga. Rundt meg er det mange bussar no, men kven er den riktige? Det står eit skilt om buss til Brussel, men ingen buss, så eg byrjer å gå eit stykke ut av flyplassen før eg skjønar at eg har gått for langt. På veg tilbake kjem eg over ein buss med teksten «Brussel Sentrum» på displayet. Eg hoppar på.
Klimaet er definitivt mildare i Belgia. Mine ullkler kombinert med rask gangfart resulterar i at eg har åpen jakke og skjorte som tilfeldigvis syner FOSDEM t-skjorta mi frå 2024. «I take it you’re also going to FOSDEM?» høyrer eg nokon spøre ved sida av meg frå bussen. «Så gøy!» Tenkjer eg. På den om lag 40 min lange turen inn til byen rekk eg å bli betre kjend og lære at denne utviklaren kjem frå Dublin, jobbar med videoredigering med flerbrukerstøtte og skal på sin første FOSDEM. Kjekt å vete at det ikkje berre er eg som reiser ugudeleg tidleg.
10:30 viser klokka idet vi ankommer Université Libre De Bruxelles (ULB). Ruslende mennesker, blir til grupper, som til slutt blir til ein større folkestraum på veg til universitetet. I løpet av den to-dagars lange FOSDEM konferansen vil ULB bli fyllt til randen av over 8000 deltakarar, og av desse vil det vere om lag 1100 foredragshalderar fordelt på 71 konferansespor rundt ulike tema (program: laurdag, program: søndag).
Min medreisande og eg sjekkar kart og terreng for å finne skranken for innsjekk av baggasje. Rundt oss summar det av kreativ energi, av folk som er ivrige på å finne gamle kjende, lære noko nytt eller dele noko dei har lærd. Fleire av gangane er fyllt av stands med folk frå ulike teknologier og initiativer relatert til fri programvare. På veggane er det hengt opp store flater med brunt papir for at tilreisande skal kunne lime opp store og små plakatar om sine prosjekter og initiativer, eller berre hengje opp klistremerker.
Baggasjeinnsjekk fullføres. Min medreisande og eg tar på oss kvar vår maske for å unngå den berykta «FOSDEM-flu» (maskering er heilt valfritt og fleire velger å gjere det). Vi utveksler kontaktinfo kjapt før vi går ut i mylderet. «Get lost» seier eg frå min no maskerte munn, og eg får umiddellbart panikk over den bokstavelege tydinga av utsagnet. Heldigvis er me tilstrekkeleg på bølgelengde slik at den eigentlege meininga kjem gjennom: «gå deg vill i dette herlege virrvarret.»
Foredraga #
Med så mange parallelle foredrag og så mykje folk så er det litt lotto om kva for foredrag ein faktisk får med seg. Rett som det er er det visse foredragshalderar eller tema som ender opp med å trekkje så mykje folk at det blir fullt. Då kan ein heldigvis trøyste seg med at alle rom er rigga for både opptak og live streaming. Dermed kan ein stikke til kantina, og kjøpe seg ein kaffi, club mate eller ein god belgisk øl og kikke på livestreamen derfra. Eller så kan ein gjere som meg og ha ein av dei fleire FOSDEM appane der eg allereie har bokmerka fleire alternativer.
Her fyljer ei liste av foredraga eg tok turen innom.
Laurdagen
- ElemRV - Open-Source RISC-V Microcontroller: Dette foredraget avmystifiserte prosessen med å lage open-source prosessorer ved hjelp av fri programvare. Eg kan veldig lite om dette så det var veldig gøy å få eit lite innblikk i kva som skal til for å lage prosessorer. Eg syns det var finurleg at foredragshaldaren omtalte dette målet som det å oppnå «bootable silicon».
- Linux on the Desktop – Why Digital Sovereignty Starts Here: Å frigjere seg frå proprietær amerikansk big-tech er i vinden som aldri før. I dette foredraget fekk me høyre frå eit av selskapa som leverer Linux til større bedrifter. Heldigvis så blei det ikkje ein kjedeleg reklame-presentasjon, men gode råd om korleis få bedrifter og folk generelt over på fri programvare.
- The Great Migration: Dette foredraget kom rett etter foredraget over og byggde vidare på samme tematikk: Korleis selge Linux tenester til bedrifter? Gjennom foredraget fekk me tips og tricks til korleis utviklarar kan foredle fram eit bodskap som verkeleg treff besluttningstagarar i bedriftane der ute. Det var uheldigvis mykje teknisk trøbbel i byrjinga, men bodskapet er viktig.
- “Online Safety” laws: reflections for FOSS projects: Dette foredraget var i konferanseløpet for lov og policy. Foredragshaldaren var ein britisk advokat som den siste tida har gjort mykje pro bono arbeid for å rådgi rundt nye lover for tryggleik på nett. Fleire land inkludert Storbrittania jobber med lover av denne typen og det som skiljer seg ut er at lovane ordlegg seg ganske breidt og påstår at selskap i utlandet må følge det. Men «so what?» spurde advokaten og gav ein nyansert utgreiing i korleis fri programvare prosjekter kan navigere denne lovgivinga og vurdere om ein må ta særskilde grep.
- Interoperability regulation in the EU: Opening iOS and Android for Free Software: Dette var ein superspanande panelsamtale rundt handhevinga av loven Digital Markets Act, som EU har lagd for å auke konkurranse i marknaden ved å setje press på dei største plattformaktørane som til dømes Google og Apple. I panelet sat ansatte frå EU-kommisjonen med ansvar for å handheve DMA og dei gav oss innsikt i arbeidet deira og råd til korleis fri programvare-røyrsla kan samarbeide med dei. Her er det definitivt mykje juristar og utviklarar kan lære av kvarandre, og det er ein brei einighet om at me ønsker meir konkurranse for å sikre oss mot maktmisbruk frå tekoligarkane. Dette var ein event som eg i forkant hadde sett veldig fram til å sjå, og det var veldig givande å få snakke med nokre av panelistane i gangen etterpå. Norge har ikkje vedteke EU-direktivet for DMA enda, men den er godt i rute. Andre lovgivninger det er verdt å vite om er Digital Services Act (DSA) og Cyber Resilience Act (CRA).
Søndagen
- Guile development outside of Emacs: Om ein skal programmere i Guile eller andre språk Lisp-familien så er Emacs som regel det folk brukar. Emacs er eit utruleg kraftig verktøy, men samstundes kan den vere krevjande å lære seg. Difor var det flott at dette foredraget presenterte korleis ein kan programmere Guile inni VSCodium (VSCodium er VSCode uten Microsoft telemetrien). Det er fortsatt eit godt stykke før VSCodium kan måle seg med Emacs for Guile programmering, men det har definitivt blitt mykje betre. Foredragshaldaren avslutta med eit kall til handling og forklarte korleis andre kan bidra til dette initiativet.
- Wastrel: WebAssembly Without the Runtime: Presentasjon av Wastrel som er ein WebAssembly-til-C kompilator skrevet i Guile. Inkludert i kompilatoren er Whippet som lar deg velge ulike strategier for søppelhandtering (GC).
- Lisp is clay: the power of composable DSLs: På mange måter eit foredrag som «preker til menigheten» når det blir holdt i konferansesporet for deklarative og minimalistiske språk. Gjennom kreative leire-metaforer tok foredragshaldaren og argumenterte for at styrken i lisp er ikkje parantesane, men heller den uniforme syntaksstrukturen. Det var også fine døme på korleis lisp-syntaksen legg til rette for domene-spesifikk programmering som let seg komponere med kvarandre, noko som ikkje ein finn like lett i andre språkfamiliar.
- Miru: Building a collaborative video editor with offline support: Lyntale frå utviklaren som eg traff på veg til FOSDEM! I denne kjappe presentasjonen fekk me lære om bruk av CRDT (Conflict-free replicated data type) for å lage flebrukerstøtte til videoredigeringsapplikasjonen Miru. Rundt CRDT-konseptet er det no eit yrande local-first teknologilandskap.
- Using CRDTs for collaborative commenting in your favourite free software desktop word processor: Lyntale om ein prototyp av flerbrukerstøtte for kommentering i LibreOffice Writer lagd med y.js. Med ein så moden C++ kodebase, så er det imponerande at nokon forsøkjer å hekte på flerbrukarstøtte.
- Teleportal: A real-time collaborative editing framework: Denne lyntalen gav ein intro til Teleportal som er eit bibliotek som byggjer på y.js og tilbyr ekstra funksjonalitet.
- A Local First collaborative workplace?: Denne lyntalen kom frå ein fransk statsansatt utviklar som presenterte korleis dei har lent seg på fri programvare økosystemet for å skape ein digital kontorpakke som blir brukt av om lag 400 000 statsansatte kvar månad. Fremover vil dei utforske det å leggje til offline-støtte, og han spådde at det ville skape utfordringar rundt UX-brukervennlighet. Difor har dei publisert eit design system for å sikre god UX.
- Composing capability security and CRDTs: I dette foredraget fekk me lære om ein applikasjon for gruppechats byggd på CRDT og OCapN og ZCaps. Gjennom «OCaps» og «Zcaps» er det mogleg å skape ein distribuert autoriseringsmodell innafor eit local-first paradigme. Kan virke litt høgtsvevande, men eg trur dette er superspanende og eg kjem definitivt til å sjå opptaket på nytt 1 eller 2 gonger.
- The Filesystem Diaries: Scaling Btrfs in an Enterprise: Btrfs er eit modent filsystem med mykje kraftige features, men både brukarar og særleg bedrifter er likevel usikre på om dei tørr å ta det i bruk. I dette foredraget delte selskapet Chronosphere erfaringar frå å flytte fleire petabyte med data over på Btrfs og ved hjelp av transparent komprimering sparte dei 74% av plassen. Med andre ord kuttet dei 2/3 av eksisterende plassbruk uten at det gikk uttover ytelsen. Vegen til mål var ikkje uproblematisk, og dei delte erfaringar frå korleis dei hadde løyst ulike problem. Det er verdt å påpeike at dette var «managed btrfs» i Google skyen, at logg-data let seg komprimere godt, og at Chronosphere sin logg-database er in-house utvikla og at dei difor var trygge på at databasen ville harmonere godt med btrfs. Under spørsmålsrunden fekk me erfare at det var ikkje alle finessene ved btrfs dei brukte, men uansett så var dette foredraget eit godt døme på eit større selskap som tørr å satse på btrfs og få utbytte frå det.
- The Meshiverse OR The Revolution of the Little Radios: For meg som er sliten av tekoligarker og overvakingskapitalisme så var dette eit fornøyeleg foredrag å nyte ei flaske club mate til. Foredraget gav ein intro til ulike mesh-teknologier, som er systemer for radiobasert ad-hoc desentralisert flebrukerkommunikasjon. Særleg interessant var det når foredragshaldaren introduserte sci-fi konseptet temporary autonomous zones (TAZ) og pratet om mesh-teknologi i lys av det.
- Open Source Security in spite of AI: Dette foredraget blei holdt i den største foredragssalen på ULB og likevel blei det heilt fullt. I staden tok eg og nokre vener og sat oss i kantina rundt ein laptop. Foredraget handla om korleis
curlprosjektet har blitt nedrent av KI-slaps det siste året, som til slutt resulterte i at dei måtte kansellere dusørprogrammet deira for sårbarheter. - Closing FOSDEM 2026: Etter å ha kjøpt oss litt meir øl i kantina overvar vi det siste FOSDEM foredraget denne gongen frå organisatorane som oppsummerte korleis det har gått i år. Dei viste blant anna at dei hadde hatt tid til å samle alle dei frivillige for eit team-foto ute, som var eit bevis på at i år har avviklinga gått ganske udramatisk. Nytt av året er eit større fokus på Birds of a Feather (BOF) / unconference sesjoner, som er ad-hoc møtesesjoner på 1 time. Eg deltok ikkje nokre BOF-sesjoner i år, men det høyres definitivt interessant ut. Alle organisatorane pluss dei frivillige framførte den berømte (berykta :D) FOSDEM dansen på scenen. Mot slutten gjentok også organisatorane at me må kjempe for demokratiene våre, og at uten dei så vil fri programvare bli irrelevant.
Å kjempe for demokratia våre #
If we lose our democracies, Open Source is irrelevant and goes away. Sitat frå åpningsforedraget av Richard “RichiH” Hartmann, leiaren for FOSDEM.
Åpningsforedraget byrja med å seie at fri programvare har alltid vore politisk. Eg er så hjartens einig. Eg meiner at det å vere politisk er å ha ein meining om korleis me ønsker at samfunnet vårt skal vere. Å kjempe for fri programvare er å kjempe for det samfunnet me ønsker skal eksistere. Det er eit døme på det å vere politisk.
Nokre utviklarar vil hevde at politikk ikkje høyrer heime på teknologikonferanser som FOSDEM, men det meiner eg er djupt problematisk. Å prøve å halde teknologi separat frå diskusjonar om politikk og samfunn er i seg sjølv eit ideologisk og politisk standpunkt.
Når vi ser teknologi bli brukt til masseovervaking, desinformasjon, ulovlig krigføring, destabilisering av demokratier og attpåtil folkemord så tenkjer eg at det vil vere uansvarleg av oss teknologer å forsøkje å putte oss sjølve på sidelinja. Korleis skal alle andre i samfunnet kunne tøyle farleg teknologibruk om vi som sit med IT-kompetanse melder oss ut av praten?
Då Edward Snowden avslørte den amerikanske masseovervakinga så hugser eg at Snowden også sa at det er først og fremst gjennom politisk press og lovgiving at slik farleg teknologibruk kan stoggast. Difor må utviklarar bidra og difor tenkjer eg det er viktig at FOSDEM no inkluderar eit konferansespor for legal & policy for å møte dette behovet. FOSDEM inviterer no også europeiske politikarar og byråkratar til å ta kontakt med dei slik at fri programvare-røyrsla kan få bidra inn i politisk reguleringsarbeid.
Å drøyme større #
Til slutt vil eg berre dvele litt ved stemninga ved FOSDEM i ljos av T.A.Z.-konseptet som eg blei introdusert til i meshiverse-foredraget.
A T.A.Z. is a liberated area “of land, time or imagination” where one can be for something, not just against, and where new ways of being human together can be explored and experimented with (beautifulltrouble.org).
Festivalar som FOSDEM, Chaos Communication Congress og Electromagnetic Field kan sjåast som ein slags form for T.A.Z.. Sidan slike festivalar er midlertidige så blir dei tilfeldige møtene ekstra verdifulle. Til og frå foredraga, i korridorane eller i matkøen så er det lett å kome i snakk med andre, lettare å vere seg sjølv, dele kreativ entusiasme og rett og slett vere menneskelege med kvarandre. Dette gir definitivt ein boost som ein tek med seg tilbake til sin vante kvardag.
Ingen teknologikonferanse er komplett utan ein klistremerkefangst. ^_^
Nils Norman Haukås