LinkedIn: Ein slags avinstalleringsguide

Tips og inspirasjon til korleis avinstallere LinkedIn frå livet ditt.

utsikt mot eit jorde med eit raudt gardshus i bakgrunnen

Utsikt ut frå åpen-kontordag på Vardegard, eit vakkert, fredfullt avbrekk frå byens kjas og mas.

Den 5. oktober annonserte eg at eg ville slutte med LinkedIn. To månader er snart gått og eg er fortsatt innmeldt grunna travelskap og at eg hadde lyst til å prøve å lage eit verktøy for LinkedIn-utflytting (meir om det seinare).

Min motivasjon for å slutte med LinkedIn er at eigaren Microsoft vel å profittere på det pågåande folkemordet i Gaza, og å profittere på undertrykkinga av palestinarane generelt. Microsoft, Google og Amazon er alle Big Tech-selskap som har vald å profittere på Israels krigføring mot den palestinske sivilbefolkningen (kjelde).

Om det ikkje hadde vore for Microsoft sin krigsprofittering, eller deira skamlause forsøk på skatteunviking, så trur eg uansett at eg hadde vald å flytte ut. LinkedIn endrar seg sakte, men sikkert, og eg tørr påstå at målet er å sjå kor mykje verdi ein kan skvise ut av brukarane utan at dei vel å forlate plattformen (sjå også konseptet enshittification). Det er mykje flotte folk der, men det er noko ved sjølve plattformen som byr meg i mot.

Min Linkedin-utflyttingsprosedyre #

  1. Manuelt kopiere innhald frå LinkedIn-profilen min over i eit dokument på PCen.

  2. Sjå over kontaktlista mi og spøre kontakter om dei vil utveksle epost for å halde kontakten.

Post-sosiale nettverk #

Ein anna grunn til at det har tatt tid å flytte ut av LinkedIn er at eg har forsøkt å lage meg eit nettlesarverktøy for dette arbeidet (klassisk utviklar-felle). Formålet med verktøyet er å kunne laste ned kontaktar som vcard filer for mobil-import, og dermed gjere det lettare å flytte sitt kontaktnett ut av LinkedIn og over på mobilen. Verktøyet er foreløpig ulansert.

Eg har også etter kvart innsett at me treng ikkje sosiale nettverk for å kunne vere sosiale eller å byggje nettverk. Å byggje nettverk kan ein gjere rett frå kontaktlista på mobilen. Denne tilnærminga har ikkje alle finessene som eit sosialt nettverk kan tilby, men du kjem eit godt stykke på veg.

Konseptet sosiale nettverk er dog ikkje heilt daudt. Det er folk som fortsatt freister å lage betre og meir inkluderande plassar på nett. Om du er på jakt etter betre sosiale nettverk å vere på kan du sjekke ut Allheimen.