Eurovision-klage til NRK
Eg er berre ein av over 2000 klagerar på NRKs Eurovision-deltaking, men eg tenkjer det er viktig å bruke stemma si for å protestere mot framferda til vår folkefinansierte statskanal.
Her er klagen eg sendte inn:
Hei!
Eg vil herved klage på NRK sin unfallenhet ved å ikkje å ta til ordet for utestenging av Israel i Eurovision, og at dei ikkje vil kansellere si eiga deltaking.
Rent konkret er det denne saken eg reagerer på: Israel får delta i Eurovision – flere land boikotter (4. desember 2025).
I denne saken kan me høyre kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen argumentere for at jobben til ein allmennkringkaster ikkje er å velje side. Dette meiner eg er særs kritikkverdig av to grunnar:
Grunn 1
Mediene tar ofte på seg den uoffisielle rollen som den fjerde statsmakt. I festtaler får ein ofte høyre journalister og presse skryte av at samfunnsoppdraget deira er å vere ei vaktbikkje i samfunnet og utfordre makten der det trengs. Korleis kan NRK som absolutt evner å levere kritisk journalistikk, samstundes vere eit så ukritisk talerøyr for propagandamaskineriet til Israel i Eurovision? Både Israel og Russland driv ulovleg okkupasjon og bryt folkeretten. Det er uforståeleg at NRK skal vere tøff mot Russland, og samstundes vere unnfallen i møte med Israel som i følge FN begår eit plausibelt folkemord.
270 journalister er så langt drepne i Gaza av Israel si krigføring (kjelde). Korleis kan NRK belønne dette med å la Israel få vere med på Eurovision som om alt er ok?
Grunn 2
NRK har heile vegen hevda at Eurovision er ein upolitisk arena. Tidlegare på spørsmål om kvifor ein då har utestengd Russland, svarer NRK at det var av «andre omstendigheter» og at det var grunna teknikalitetar… Det er syltynn argumentasjon.
Kulturarenaer som Eurovision gir makt og påvirkning. Det er ikkje noko nøytralt ved at NRK let seg ukritisk bruke som eit propaganda-verktøy for Israel. Når Israel begår apartheid, ulovleg okkupasjon, folkemord, og andre brotsverk mot menneskeslekta så er det direkte uansvarleg av NRK å tale for Israel si fortsatte deltaking i Eurovision. Det er ein menneskeskapt ekstrem nød i Palestina no og når NRK «ikkje veljer side» i konflikten, ender dei opp i praksis med å stå i ledtog med folkerettsforbrytaren Israel.
Eg skammar meg over at skattepengane mine skal gå til NRK sin Eurovision-«folkefest» for å drive folkemord-kvitvasking i beste sendetid.
Nils Norman Haukås