Tekna og Gaza: Frå teiing til standpunkt

Takk og lov så har Tekna teke eit solid standpunkt i solidaritet med menneska i Palestina, men det skjedde ikkje av seg sjølv og det er fortsatt mykje å ta tak i.

Fleire Tekna medlem, meg inkludert, har lengje vore bekymra over kor lite solidarisk fagforeininga vår har vore i møte med grusomhetene i Gaza.

Desse bekymringane fremma fire av oss i ein kronikk publisert i byrjinga av august. Kronikken utløyste mange artiklar, kommentarar og engasjement på sosiale medier.

Her vil eg forsøkje å samle ei lita tidslinje med relevante lenker.

Tidslinje #

Ta eit standpunkt, krev fred og fridom #

At Tekna støtter IndustriAll sin resolusjon er viktig.

The whole population of Gaza is affected by multidimensional poverty and collective punishment. The ongoing atrocities in Gaza and the use of starvation as a weapon are war crimes and are currently being addressed as potential genocide by the International Court of Justice. This must be stopped immediately and it is the obligation of the EU and its member states to take actions to stop this. There is an urgent need for access to humanitarian aid and the lifting of the blockade of the Gaza Strip. (source: industriall-europe.eu)

Dette er berre eit utdrag frå resolusjonen, og eg vil anbefale å lese den fulle teksten. Resolusjonen synes å vere både balansert og tydeleg på at tida til å handle er no. Teksten fordømmer Hamas sitt brutale terroråtak 7. oktober 2023, og fordømmer også Israel sitt brutale motsvar som er å gå til krig mot heile den palestinske sivilbefolkninga.

I kommentarfelta etter vår innledande kronikk så fekk me mykje støtte, men også ein del motbør. Eg blei til dømes anklaga for å vere terrorsympatisør og å halde med Hamas. Mitt svar til det var å seie at eg fordømmer Hamas sitt terrorangrep 7. oktober, og så spurde eg om han var villig til å fordømme Israel sitt folkemord av palestinarane? Personen svara meg ikkje på dette, men eg håper det gav grobunn til ettertanke i det minste, om ikkje for denne personen, så kanskje for dei uttallege personane som også var inne for å lese kommentarane.

I stort og smått i kvardagen så må me alle jobbe for å få slutt på folkemordet, apartheiden og den ulovlege okkupasjonen. Dette er ikkje komplisert materie, dette er ikkje ein venstre-vs-høgre-sak, og det er kun okkupanten som tener på å halde det «komplisert» og tabu å kritisere staten Israel for deira brotsverk mot menneskeslekta.