Den norske okkupasjons­profitteringa

Det er ikkje utenkeleg at staten Norge vil måtte stå skulerett i framtida og gi ein offisiell unnskyldning for sin uvilje til å handle når det gjaldt som mest.

Publisert i Morgenbladet, 9. mai 2025 (artikkel).

Avisoverskrift: Den norske okkupasjonsprofitteringa

Faksimile av Morgenbladet.

I mai skal me markere at det er 80 år sidan me blei fri frå tysk okkupasjon. Då bør me også ofre ein tanke til den ulovlege okkupasjonen av palestinarane som me tener så mykje pengar på. Kva hadde motstandsfolka som kjempa under andre verdskrig tenkt om at Noreg i dag profitterer på ulovleg okkupasjon?

Det er framleis mykje historie frå andre verdskrig og etterkrigstida som treng å bli fortald og forstått på nye måtar. Det kan ta mange år, men stadige drypp av ny historieforståing kan kulminere i viktige oppgjer med vår eiga historie. Ta til dømes den offisielle unnskyldninga staten gav til dei norske krigsseglarane i 2013, for den dårlege behandlinga dei fekk etter krigen. Eit anna døme er den offisielle unnskyldninga frå staten til tyskarjentene i 2018 fordi mange av desse blei utsett for diskriminering, overgrep, internering, fjerning av statsborgarskap og deportering etter krigen.

Slike oppgjer med vår historie er naudsynt, og kjem mykje grunna ein iherdig innsats frå pårørande, historikarar og andre frivillige.

Historisk gangsyn #

Sidan oktober 2023, i takt med stadig aukande tal på drepne palestinarar, så er det fleire og fleire nordmenn som byrjar å setje seg inn i palestinarane si historie og dei faktiske forholda.

Stridens kjerne synast å vere tydeleg no. Den internasjonale domstolen (ICJ) kom med ei rådgivande fråsegn 19. juli 2024 som slår fast at Israel driv både ulovleg okkupasjon og apartheid. ICJ sitt fråsegn inkluderte også ein klar beskjed til alle FN-land om å jobbe for å få ein umiddelbar slutt på Israel sine lovbrot. Som FN-land er Noreg forplikta til å anerkjenne ICJ. Regjeringa har fylgt opp med å publisere ei skjerpa fråråding til norsk næringsliv 17. oktober der dei ber norske selskap ta grep for å unngå å bidra til den israelske okkupasjonen. Men kva med staten sine eigne bidrag til Israels ulovlege okkupasjon? Noreg står no i fare for å bli oppfatta som hyklersk, skriv Aslak Bonde i Morgenbladet 6. mai.

No når alle FN-land skal fylje oppmodingane frå ICJ, så vil dei fort sjå at blant dei europeiske landa så er Noreg den største institusjonelle investoren i Israels okkupasjon. Dette kan ein lese i den årlege rapporten frå den internasjonale koalisjonen Don’t Buy into Occupation, som mellom anna LO er tilslutta.

Den siste rapporten deira slo fast at Oljefondet vårt har investeringar på 220 milliardar som bidreg til Israels ulovlege okkupasjon. Då desse tala var tema i Debatten på NRK 20. mars brukte statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik frå Utanriksdepartementet taletida si heller på å forsvare sjølve konseptet med Etikkrådet enn å kommentere dei konkrete vurderingane rådet har gjort. Etikkrådet på si side sa at dei har skjerpa innsatsen. Men faktum er at i løpet av 2024 anbefalte Etikkrådet Oljefondet berre å trekke seg ut av to selskap på grunn av verksemd i dei okkuperte palestinske områda, ifølge NTB.

Det jobbar 654 personar i Oljefondet. Det verkar som ein veldig komfortabel ordning for oljefondssjefen og vår finansminister å kunne delegere sitt etiske ansvar ned til eit ørlite Etikkråd. Det er også lett å undre seg om det er den beste løysinga å setje berre fem personar til å passe på at Oljefondet ikkje profitterer på ulovleg okkupasjon, apartheid og andre brotsverk mot menneskeslekta.

I praksis ser Oljefondet sine meklarar ut til å plukke aksjar utan særleg med etiske reservasjonar. Etter oktober 2023 har Oljefondet til dømes auka sine eigardelar betydeleg i våpenselskapa RTX og Rheinmetall, som begge forsyner Israel med våpen. Etikkrådet har på sin side berre høve til å vurdere investeringane etter at dei er gjort.

«Noregs Bank er ikkje forpliktet til å følge Etikkrådets tilråding», skriv Etikkrådet på nettsidene deira. Meklarane kan med andre ord la profitten trumfe etikken når dei skal sjå seg ut riktig tidspunkt for aksjesal.

Den okkuperte er blitt okkupanten #

Historia gjentek seg no. Men det er ikkje Noreg som blir okkupert på nytt. I staden så tek Noreg rolla som med-okkupant, all den tid Oljefondet held på desse investeringane som bidreg til å oppretthalde Israels ulovlege okkupasjon.

Om me ikkje maktar å lære av historia no og tvinge Oljefondet til å avstå frå denne okkupasjonsprofitteringa, er det ikkje utenkeleg at staten Noreg vil måtte stå skulerett i framtida og gi ein offisiell unnskyldning for sin uvilje til å handle når det gjaldt som mest.