Notatar frå lokallagskonferansen til Palestinakomiteen 2024

Her er eit reisebrev frå lokallagssamling i Palestinakomiteen som fant sted 13.-14. september. Denne (lange) teksten oppsummerer lærdom frå helga, som eg trur kan vere nyttig for Palestinakomiteen sitt vidare arbeid.

Eg tok toget frå Bergen til Oslo. Mens turistar såg ut togvindauga og sukka over naturen, så byrja eg å bla i alle rapportane frå lokallaga rundtom i landet. Det var mange rapportar og mykje aktivitet.

I skrivande stund har Palestinakomiteen:

  • 27 lokallag
  • 12 500 medlem (opp frå om lag 5000)
  • 70% kvinnelege medlem
  • Ei demografisk fordeling der flesteparten av medlemma er i aldergruppa 20-40 og 60-80 (viss eg hugser riktig)

Det er flott å sjå så mange nye medlem og lokallag. Men det er også vondt å erkjenne det dystre bakteppet, som er det pågåande folkemordet i Gaza. Det gir håp at me er mange nye som vil bidra, men det er også fortvilande at redninga går så seint, og at me blir nøydd til å kjempe så hardt for å byggje solidaritet og reell endring.

Fredag #

På fredagen så var det mange nye fjes, inkludert mitt. Kaffi, kaker og pultar var satt ut. Namnelappar skulle tusjast på.

Eg trur alle var spente. Plutseleg så tek ein eit steg ut frå det iherdige solidaritetsarbeidet i eige lokallag, og står skulder til skulder med frender som kjemper den same solidaritetskampen i sine lokalmiljø.

No, er det mange nye fjes her. Før eg lærer namna dykkar, så må det bli litt, hei du der i den genseren, og du i det skjerfet, og så vidare. Det får me tåle. - Kjell Stephansen.

Av dei oppmøtte lokallagsrepresentantane, så var me ein god blanding av nyinnmeldte og medlem som har vore med å kjempa for Palestinasaken lengje. Nokre har stålkontroll på historia, og har reist til Palestina fleire gonger, andre er som meg og står ved foten av ei læringsreise.

Læring og inspirasjon var nøkkelorda for meg denne helga.

mange mennesker som sit samla ved pulter i eit rom.

Diskusjon og erfaringsdeling blant representantar frå ulike lokallag.

Programmet for fredagen blei innleda med ei kort presentasjon frå styret.

Høgdepunkter frå innledande innlegg på fredagen:

  • Alle styrene skal få palestinakomiteen.no epost-kontoar. Dette er for å profesjonalisere driften, og sikre at epost-historikk takast vare på når medlem i ulike styrer bytes ut.
  • Vår bruk av sosiale medier skal løftast litt. Alle lokallag står fritt til å velje kva for sosiale medier dei ønsker å delta på. Det er også mogleg å bruke epost. Lokallaget i Trondheim delte i sin rapport døme på medlems-epost som dei sender ut månadleg. Sentralstyret ønsker også å lage eit lite nettverk med alle som er ansvarlege for sosiale medier ute i lokallaga. Det skjer masse viktig aktivisme rundtom i Norge, og dette ønsker sentralstyret veldig gjerne å løfte fram på deira offisielle Facebook og Instagram kontoar som har mange følgjarar.
  • Me fekk ein inspirerande presentasjon av Palestinapodden, som handla om korleis dei har foredla konseptet sitt over tid. Her er det masse bra intervjuer, og mykje lærdom å hente. Eg tykkjer det er særs viktig at programleiarane Rania Iraki og Nader Khalayli får fremma både sine palestinske stemmer og andre palestinske stemmer, samt alle andre som også kjemper for Palestinasaken.
kvinne som har innlegg, på skjermen bak ho står det Palestinapodden.

Rania Iraki deler erfaringar frå arbeidet med Palestinapodden.

Etter at sentralstyret hadde sagt sitt så var det duka for at lokallaga skulle få dele erfaringar med kvarandre. Då fekk eit lite utval lokallag 5 minutt kvar til å presentere:

  • Fredrikstad: Dei holdt innlegg om korleis dei har jobba for å komme politikarane i tale. Dei har merka seg at det tradisjonelt så har dei små politiske partia vore flinkare til å samarbeide med Palestinakomiteen. Og så har dei sett at når visse parti har fått større oppsluttning lokalt, så ser det nærast ut til at dei ser på seg sjølv som «for store» til å fortsetje sitt nære samarbeid med Palestinakomiteen. Med andre ord, sjølv om Palestinakomiteen veks så må me aldri slutte å forsøkje å samarbeide med mindre organisasjonar. Vidare så må me passe på å møte andre med ein gjensidig respekt, og på den måten skape grobunn for solidaritet og samarbeid lokalt.

  • Asker og Bærum: Dei holdt innlegg om korleis dei har byrja å bruke krav om aktsomhetshetsvurdering aktivt, for å få selskap i deira lokalmiljø til å gjere rede for korleis dei ikkje bidreg til Israel si ulovlege okkupasjon. Dei har fått svar frå fleire av selskapa dei har kontakta, som dei vil følge opp. Dei har også erfart at journalistar er veldig nysgjerrige på nøyaktig kven av selskapa som svarar og ikkje. Dei delte malen for brevet som andre lokallag kan få bruke vidare.

  • Bergen: Me fortalde om korleis me sidan i haust har fått etablert 40 nye apartheidfrie soner (AFS) i Bergen. I vår lokallagsrapport så har me prøvd å detaljere nøyaktig korleis den lille gruppa vår har klart å få dette til. Sentralt i denne suksessen (trur me) er vennskap og kjennskap, bygging av tillit over tid, fokus på å opplyse og aldri belære, og å vere tilgjengeleg på sosiale medier. På sosiale medier så opplever me at det er lett å få kontakt med potensielle nye medlemmer, og det er folk som tek kontakt med oss fordi dei ønsker å bli medlem. Me har eit format for korleis me promoterer AFS, som me gjerne vil dele med andre lokallag (Bergen sin publiseringsguide for AFS).

  • Oslo: Her fekk me eit innblikk i alt det som har blitt gjort i Oslo sidan i haust. Mange aksjonar, og demonstrasjonar. Fleire bemerka at dette aktivitetsnivået verkar grovt underrapportert av norske medier. Styret sa då at ja, det har vore ein del høve der journalistar har dekka arrangement og skreve låge oppmøtetal. Men så har ein i samarbeid med politiet fått stadfesta at oppmøtetala eigentleg var mykje høgare, og så må dei ringje journalisten og sørge for at tala blir retta på. At riktige oppmøtetal blir rapportert, har mykje å sei for det å byggje oppslutninga vår over tid.

Etter presentasjonane, så blei det åpna for spørsmål og innlegg frå salen. Ordet var fritt og lokallaga kunne gjerne løfte opp problemsstillingar og innsikter frå sitt arbeide.

Det var ei framifrå ordstyring frå nestleiar Kjell Stephansen. Når det er mange som brenn for same sak, så er det viktig å ha stram styring for å sørge for at alle får sleppe til.

Til slutt så kunne styret avsløre for oss at namnelappane våre hadde eit lite tal på seg, og basert på talet så blei me raskt fordelt i grupper.

Temaet i gruppediskusjonane handla om kva lokallaga treng frå Palestinakomiteen sentralt, og korleis sentralstyret kan bli betre. Dette var eit lurt grep. I staden for å køyre ein slik idemyldring i plenum, så var det mykje betre å dele oss ned i åtte grupper som fekk diskutere seg imellom på høggir. Alle gruppene skreiv referat som sentralstyret har samla inn, og vil sjå over i etterkant.

Alt dette blei unnagjort på knappe tre timer på fredagskvelden, inkludert tid til pauser. Eg har vore med på mykje forskjellige arbeidsmøter, og dette må eg sei var særs effektivt levert.

Laurdag #

Foredrag om mediearbeid, tips og øving #

Kommunikasjonsekspert og samfunnsdebattant Umar Ashraf gav oss mange tips om korleis jobbe effektivt opp mot media.

Eg noterte meg desse tipsa:

  • Ikkje gi deg. Ver standhaftig når du jobber med å nå ut i media. Gå i dialog med journalister, og gå gjerne nokre runder frem og tilbake. Ta gjerne ein telefon.

  • Bygg relasjonar til folk i media. I desse relasjonane så er det viktig å både utfordre og pleie forholdet. Ver alltid sakleg. Viss du møter motbør kan du spøre, «kva må til for å få denne saken på trykk?»

  • Dagens mediebilete er enormt kuratert. Det er mange organisasjonar og interesser som jobber med å få sine sakar ut i media.

  • Tips journalister gjerne om ein sak dykk ønsker dekka, foreslå vinkling og inkluder 2-3 sitater. Foreslå aktuelle intervjuobjekter frå lokalmiljøet, gjerne palestinske stemmer. Me skal ikkje skrive saker for journalister, men me kan tipse dei om gode utgangspunkt.

  • Redaksjoner vil ha nyhetsverdi, og ein god hugseregel for nyhetskriteriene er KVISA.

  • Du kan invitere deg sjølv til debatt, der du foreslår både motdebattantar og dagsorden.

  • Foreslå deg sjølv eller andre som ein ekspert som media kan kontakte.

  • Vit om vær varsom plakaten. Vit om tilsvarsretten. Dersom nokon har skrive særs krasst om deg eller ditt lokallag, så kan du prøve å krevje ekstra ord, til dømes ein kronikk-lengde, for å få gitt eit grundig tilsvar. Redaksjoner kan krevje at du korter ned teksten, men skal aldri endre på sjølve innhaldet i teksten, utover enkel korrektur.

  • Vit at media kan prøve å regissere deg inn ei viss rolle, når dei til dømes inviterer til debatt eller intervju. Ha dette i mente, og forebu bodskapet ditt deretter.

  • 5 tips for å utvikle gode budskap:

    1. Klart og konsist hovudbodskap
    2. Tilpasning til målgruppa
    3. Truverd og fakta
    4. Bruk døme og historiar
    5. Aktualitet, og tydeleg oppmoding til handling
  • 5 tips for å ramme inn bodskap:

    1. Sett premissene sjølv
    2. Unngå å gjenbruke motdebattanten sitt narrativ
    3. Vurder om du skal svare direkte på motargumentene
    4. Fokuser på palestinske stemmer, og levde erfaringar
    5. Bygg koalisjoner, og framsnakk kjelder til betre informasjon
  • Under spørsmål og svar runden så kunne fleire lokallags-representantar fortelje at det har vore — og tidvis fortsatt er — utfordrande å komme på trykk. Ashraf var overraska over å høyre kor mykje motstand folk i salen har opplevd når dei har prøvd å kome på trykk. Han kommenterte at me blir på ein måte tvunget til å kjempe to kampar i møte med media:

    1. Me ønsker å setje Palestinasaken på dagsorden
    2. Men så blir me også nøydd til å utfordre media, på måten dei forvalter sitt samfunnsoppdrag.
  • Me har mange frie stemmer som me kan spele på. Nokre av oss har bindinger via jobb eller liknande som gjer det vanskeleg å effektivt nå ut i media. Ei god løysing er då å samarbeide om lesarinnlegg, og byte på kven som er avsendar.

  • På sikt så kan det vere lurt at me byggjer opp fleire stemmer, som media kjenner til og som dei veit at dei kan invitere til ekspertuttalelsar, intervju eller debatt.

Foredrag om sionismen #

Peder Martin Lysestøl har gitt ut fleire bøker om Israel og Palestina. No er han aktuell med ein ny bok som snart skal publiserast, som handlar om sionismen.

Dette var ein lang og grundig presentasjon. Mine notatar kan ikkje håpe å yte rettferd mot innhaldet som blei presentert, men her er nokre punkter eg noterte meg:

  • Theodor Herzl var den som først la fram ideen om ein eigen stat for jøder, og kalla prosjektet for sionisme. Dette var først og fremst eit sekulært, sosialistisk prosjekt, og religion blei nedspelt som noko som ville vere heilt valfritt for den enkelte. I den sionistiske røyrsla, så var det slett ikkje alle som var einige i denne tilnærminga.

  • Då Herzl plutseleg gjekk bort i 1904, så var det andre, mykje meir ortodokse krefter som fekk dominere sionisme-røyrsla. Desse søkte lengje etter allierte som kunne hjelpe dei å sikre ei nasjonal heim for jøder. I 1917 resulterte dette arbeidet i Balfour-deklarasjonen, der Storbrittania lova å støtte opprettelsen av ei nasjonal heim for jøder i Palestina, under forbeholdet om at «ingen ting må gjerast som skadar dei borgarlege og religiøse rettane til de ikkje–jødiske samfunna i Palestina».

  • Lysestøl reiste sjølv ned på 70-talet for å jobbe i kibbutz, fordi folk hadde fortald han at Israel var eit mønsterdøme på sosialisme. Sosialdemokratene i Norge og utland trudde oppriktig at Israel først og fremst var eit sosialistisk foregangsland, ikkje eit koloniseringsprosjekt som fortrengte folk som budde der frå før. Då Lysestøl spurde vertsfamilien i kibbutzen om han ikkje kunne ta seg ein tur til ein bebyggelse på ein høgde i det fjerne, så fekk han streng beskjed om at det var frykteleg farleg. Han endte med å ta seg ein tur likevel i følge med ein lokal gut, og det som møtte han var berre hyggelege folk i sine hus som tilbaud både mat og drikke. Det var då han skjøna at her er det noko som skurrar med forteljinga til vertsfamilien.

  • Israel praktiserer i dag sionisme som statsideologi. Dei bruker bibelen som historiebok, og det er oppsiktsvekkande at ingen statsleiarar utfordrar dei på nettopp denne praksisen. Basert på bibelen så argumenterer Israel for at dei har ein heilag rett på det dei kallar Eretz Israel, og dette blir brukt til å rettferdiggjere den ulovlege okkupasjonen av Palestina.

  • Jewish Voice for Peace er ei gryande, og særs viktig anti-sionistisk røyrsle, der jøder tek eit tydeleg standpunkt mot den israelske statsideologien. Denne røyrsla finst også i Norge, og Lysestøl oppmoda oss til å samarbeide med dei og støtte opp om dei.

  • Israel prøver å tale på vegne av alle jøder, men den jødiske anti-sionistiske røyrsla viser at det gjer dei ikkje. Om støtta til sionismen fell tilstrekkeleg så kan den ulovlege okkupasjonen få store vansker.

Igjen, så må eg nemne at dette er berre mine notatar. Eventuelle feil her tek eg på mi kappe, og må ikkje tilskrivast Lysestøl på noko vis. Eg oppmodar alle til å sjekke ut Lysestøl si bok om sionisme når den kjem ut!

Foredrag om Hamas og 7. oktober #

Dette foredraget blei gitt av forskar Erik Skare, som har som fagområde arabisk og midtausten-studier. Skare har skrive ein PhD om Palestinsk Islamsk Jihad. No jobber Skare med ein bok om Hamas som er tenkt utgitt neste år.

I denne presentasjonen gav Erik Skare ei historisk analyse av Hamas, og det som skjedde 7. oktober. Her følger nokre av mine notatar frå presentasjonen og etterfølgande spørsmål:

  • Hamas er ikkje berre eit Hamas, men ei samansatt røyrsle. Dei opererer med langsiktige mål, og kortsiktige, tidvis motstridande mål. Dei inkluderer både ei velferdsfløy og ei militær fløy.

  • Hamas opererer med eit internt leiarskap som er i Gaza og på Vestbreidden, og eit eksternt leiarskap som held til i utlandet. Av sikkerhetsmessige grunnar så blir informasjon om framtidige operasjonar ikkje delt internt i organisasjonen i særleg grad.

  • Når det gjeld 7. oktober så meiner Skare at det er for tidleg å konkludere. Visse terrorhandlingar har vist seg å vere komplett fabrikkert, medan andre kan det vere hald i, men det er for tidleg å seie. Folkerettstridige handlingar kan ha blitt begått av begge parter. For å få avklart kva som eigentleg fann stad, så viser Skare til at Israel no jobber med ein fullstendig rapport over 7. oktober, og den ser han fram til å få satt seg inn i.

Etter presentasjonen så spurde eg Skare om ei utfordring eg ser media. Når sakar om drap på sivile palestinarar kjem fram i media, så er det fort at folk i kommentarfeltet seier «men kva med Hamas?» eller «kvifor skal me kritisere Israel og dermed gi Hamas fritt leide i Palestina?» Frå mitt perspektiv så risikerer slike spørsmål å avspore saka, fordi det palestinske folk er mykje større enn Hamas.

For å svare på dette peikte Skare på Palestinakomiteen sitt prinsipprogram, som argumenterar for at det palestinske folk har rett på sjølvstende og demokratiske val.

Palestinakomiteen ønskjer ikkje å gå inn i denne konflikta ved å ta stilling for den eine parten mot den andre. Vi stør det palestinske folket og deira rett til å velje sine eigne leiarar, og vi tek avstand frå USA, Israel og Vesten si stempling av den demokratisk valde leiinga som terroristar. Splittinga i det palestinske folket, særleg splittinga mellom Fatah og Hamas, tener berre okkupanten. - Prinsipprogrammet.

Møte med Palestinakomiteen sine utval #

Etter foredraga så var det duka for ei rekkje paralelle møter mellom lokallagsrepresentantar og nokre av Palestinakomiteen sine utval.

For å sikre best mogleg spredning av kunnskap, så blei kvart lokallag spurd om å fordele seg jamnt på alle møtene. Lurt!

Møtet eg deltok på var med Fagutvalet (FU), som jobber med å engasjere fagforeiningane i Norge. Dei har jobba i 18 år med å byggje solidaritet hos fagforeningsmedlem, og som del av dette så har dei arrangert 43 studieturar til Midtausten. Resultatene av dette arbeidet er at LO er den fagforeininga i Norge som er tydelegast i sin solidaritet med Palestina og kritikk av Israel. Men dette er eit resultat som må forsvarast og styrkast, og no jobber dei mot LO-kongressen 2025 for å sikre at LO skal bli enda tydelegare i sine kritikk av den ulovlege okkupasjonen.

Idear til vegen vidare #

For meg så var dette ei givande samling, som gir styrke og inspirasjon for vidare arbeid. Mitt håp er at me skal klare å mobilisere enda fleire folk, til å leggje eit enda tydeligare press mot Israel si ulovlege okkupasjon.

Andre tankar eg har med meg frå helga:

  • Åpne medlemsmøter: Lokallaget i Ringerrike rapporterte at dei har hatt suksess med å arrangere åpne møter. I samband med demonstrasjonar så har dei samstundes invitert dei som vil til eit åpent møte i etterkant. På dette møtet så har dei kunne gi info, og skape dialog med dei oppmøtte, og dei oppmøtte har også fått prate med kvarandre.

  • Inkludere ikkje-medlemmer: Nokre lokallag har åpna for at undergruppene deira, kan invitere med folk som ikkje er medlem på sine møter. Medlem kan då invitere med seg folk dei kjenner, og dei kan bli kjend med kva gruppa driv med, og så vurdere om dei vil bli medlem. Dette trur eg kan vere ei viktig rekrutteringsarena.

  • Stands: Nokre lokallag har hatt hell med å organisere stands i helgene, der ein har kunnet henvende seg til forbipasserande med flyers og generell folkeopplysning. Dette er noko me kan byrje med i Bergen trur eg, og det kan vere eit fint tillegg til våre andre arrangement.

  • Medlems-epost: Eg tykkjer Trondheim sitt format på medlems-epost er fint. Sosiale medier er absolutt viktige verktøy får å nå ut til folk, men ein kan aldri vere heilt sikker på korleis algoritmene prioriterer utsending. Facebook, Instagram og Threads har rullet ut hinder for politisk innhald, og brukarar må no eksplisitt skru på politisk innhald i sin feed. Andre plattformar kan bli inspirert av dette. Dette gjer e-post ekstra effektivt fordi alle får alle meldingane, uansett, — så lengje ein ikkje hamnar i spam. For dei som ev. får medlems-epost i spam, dei kan oppdatere spamfilteret og sørge for at det ikkje skjer igjen.

  • Avklaringar før demonstrasjonar: Ofte så held Palestinakomiteen demonstrasjonar i lag med andre organisasjonar. Alle kjempar for Palestinasaken, og så har me gjerne litt ulik bodskap. Eg har sjølv merka meg at det er ikkje alt på demonstrasjon som eg er like komfortabel med å rope. Då er det gjerne slik at det er vedtatte paroler for demonstrasjonen som er sendt ut i forkant, som eg tykkjer er knall, men så kan det hende at ei gruppe som stemmer i for paroler som eg tenkjer det er vanskeleg for meg å stå inne for. Eg spurde folk om litt innspel på dette, og det var ein person som tipsa meg om ein Palestina-demo i utlandet og då hadde arrangørane ein avklaring heilt i starten av demoen før appellane fekk sleppe til. Formålet med avklaringa er å forklare kva som er innafor rammene av demonstrasjonen. I dømet eg fekk forklart så tok arrangørane tydeleg avstand frå maskering (gjeld ikkje munnbind), og fysisk bråk. Dette fungerte godt. Her i Norge, så kan det vere behov for å avklare før demo med 3-4 setninger om kva ei parole er, og korleis ein skal forholde seg til parolar som ikkje er del av dei godkjente. Her kan me gå i dialog med dei andre organisasjonane og samarbeide om innholdet i desse avklaringane. Målet er ikkje å støte frå oss andre som kjempar for Palestinasaken, men sørge for at me framstår ryddig for alle demonstrantane. Mange er som meg trur eg, og ganske nye i kva det betyr å demonstrere.

  • Regionale lokallagssamarbeid: Sentralstyret arbeider hardt, og dei har begrensa med tid og ressursar. I helga så var det eit ønske om at det burde vere fleire lokallagskonferansar sidan me såg kor nyttig dette var for oss, men det spørs om sentralstyret vil ha kapasitet til å ordne det på toppen av alt det andre arbeidet sitt. Då var det nokon som foreslo at lokallaga bør ta initiativ til regionale samarbeid, og det kan gjelde samarbeid om demonstrasjonar, foredrag, erfaringsutveksling eller liknande. Det trur eg er særs lurt. Viss dei enkelte lokallaga tek initiativ til regionale samarbeid, så unngår me at sentralstyret blir overbelasta, og me sikrer at alle lokallag kan få hjelp frå andre lokallag i nærleiken.

Dette blei mange ord. Takk for at du har lese så longt.

Håper dette kan vere til hjelp. <3

Arbeidet startar her.