Boknotat: Håp er det du gjør av Hanne Lossius og Marthe Valle
Boka Håp er det du gjør fungerar som ein naudsynt motgift til motlausheit. Den er eit tidsvitne for tapte liv og pågåande lidingar grunna ein ubarmhjertig storpolitikk. Men ikkje minst taler den for at det ligg håp i handling, og at me må fortsetje kampen for solidaritet og menneskeverd.
Gjennom kompakte kapittel serverer lege Hanne Lossious og musikar og sjukepleiar Marthe Valle, gripande vitnesbyrd frå deira feltarbeid for å hjelpe palestinarar på Gaza, og båtflyktningar på dei greske øyene.
Lossious og Valle byter på å føre pennen i dei ulike kapittla. Dette gir oss eit interessant innblikk i deira personlege veg inn i feltarbeidet, korleis dei fann kvarandre, og korleis dei klarar å stå i dette arbeidet i perioden 2014 til 2023 som innhaldet i boka famner.
Kapitlene har ein detaljrikdom som skildrar augenblink som hamrande hete medan ein forserer Israelske sjekkposter i Gaza, og iskald skodde som ubønnhørleg trekker inn i kleda medan ein står på ein nattsvart strand i Lesvos og forsøkjer å lose fortvila båtflyktningar inn på land. Forfattarane tek oss med på arbeidet med å vurdere kven som skal få hjelp fyrst av nyankomne båtflyktningar, og dei tek oss med på den kontinuerlege aktivismen for å få Noreg til å stå opp for både båtflyktningar og det palestinske folk.
Eit stødig dryss av fotnoter og kjelder, sikrer at dei rike skildringane i boka er forankra i ein større og etterprøvbar heilskap.
Boka verken dømmer eller fordummar lesaren. Den overvelder heller ikkje med statistikk, og let heller tallmaterialet støtte opp i bakgrunnen. I forgrunnen gir forfattarane plass til dei mange enkeltskjebnene til dei som gir og dei som får naudsynt hjelp.
Eg kan anbefale denne boka til folk som driv aktivisme, som treng ein påfyll av håp i sin kvardag, og alle andre som føler at humanitære katastrofer i utlandet blir for stort eller komplisert til å handtere. Denne boka tek ting ned på jorda og gjer det heile begripeleg. Ikkje minst viser den konkrete, praktiske døme på korleis ein kan kjempe for solidaritet og menneskeverd, og korleis ein skal klare å halde på håpet undervegs. Diverre er det ingen magiske løysinger, men den syner at felleskap og hardt arbeid nytter.
Vidare lesnad #
- For å lære meir om situasjonen for båtflyktinger i EU idag så kan du sjekke ut foreningen Dråpen i havet.
- Det er vanskeleg å begripe omfanget av grusomhetene på Gaza, men prosjektet Visualizing Palestine har mange lærerike visualiseringar. Særleg, så vil eg løfte fram visualiseringen Stop killer AI som syner korleis Israel si bruk av kunstig intelligens forsterker nedslaktningen av sivile palestinarar.