Boknotat: Hverdagshelter av Eva Joly
Eg blei nyleg ferdig med å lese Hverdagshelter av Eva Joly (2009) og her følger nokre notater frå denne lille lesereisa i kampen mot korrupsjon.
I boka får me møte eit knippe med vanlege folk som på ulikt vis har funnet vegen til å kjempe mot korrupsjon. Folka er: John Christensen, Helen Garlick, Raffele Del Giudice, Maria Nikolajeva, Drago Kos, Mark Pieth og Daniel Lebègue.
Språket i boka er flammande. Nokre vil kanskje sei at det blir eit altfor kjenslelada språk, men eg tykkjer det står i stil til den ekstraordinære innsatsen som desse folka leggjer ned, og dei farene dei står i fordi dei veljer å gjere seg upopulære hos særs mektige og lovlause folk. Når me møter desse folka så er dei alle veldig travle. Det merkes at dei har mykje å kjempe for, at dei har kome langt, og at dei også har langt igjen.
Med føttene våre trygt planta i historia til intervjuobjekta, så blir me også tatt med på kryss og tvers av landegrenser, der boka nøster opp eit sirlig nett av økonomisk kriminalitet, og politisk uvilje til å ta tak i det. Men før dette rekkjer å bli altfor svevande så tek boka kampen mot korrupsjon og forankrer dette i rike skildringar av personane, omgjevnadane deira og dei høgst reelle konsekvensane av korrupsjon.
At boka kom ut i 2009 er også veldig interessant. Mange av folka i boka har kjempa mange år mot korrupsjon, og fleire peiker på finanskrisen i 2008 som eit reelt høve til å endre dei internasjonale økonomiske spillereglene. Som lesar får eg inntrykk av at forfattaren og dei som blir intervjua kjenner på eit historisk sus som kjem frå finanskrisa, som for dei var berre året før.
Når eg no les boka 14 år etter den blei utgitt så veit eg at kampen mot skatteparadis og korrupsjon pågår fortsatt, men eg håper samtidig at dei siste ti åra ikkje har vore utan små og store sigrar.
La oss ikke glemme […] at for snaut 20 år siden kunne et fransk firma kreve skattefradrag for kommisjoner, det vil i klarspråk si de bestikkelsene som ble utdelt for å skaffe seg markedsandeler i utlandet! […] I dag ville et slikt firma bli dømt i henhold til straffeloven, og firmaledelsen ville risikere inntil ti års fengsel. Det får en til å tenke seg om. [Daniel Lebègue sitert i Joly 2009, s. 158].
Det er fortsatt mykje å ta tak i. Noreg er ikkje immun mot økonomisk kriminalitet i alle sine versjoner. Me likar å smykke oss med at me har ein slik høg tillit her til lands som får statsapparatet til å svive godt. Men pendlerskandalen, habilitetsskandalene og trygdeskandalen teikner opp eit bilde av eit to-delt samfunn der politikerar kan berike seg sjølv og bedyre sin uskuld bak eit skjold av påtatt uvitenhet, medan alle andre kan ryke og reise rett i fengsel.
Til hausten blir det spanande om Stortinget vil klare å nøste opp i alle trådane og få orden i eige hus. Til hjelp så kan dei lene seg på råd om antikorrupsjon frå OECD, Transparency International og GRECO. Noreg er eit av medlemma i GRECO, og har fått fleire evalueringar med råd om korleis styrke seg på antikorrupsjon.