Accelerate: Ei forfriskande forskingsbasert bok om programvareutvikling
Her er bokanmeldinga mi av boka Accelerate: Building and Scaling High Performing Technology Organizations, som er skriven av forfattarane Nicole Forsgren, PhD, Jez Humble og Gene Kim. Dette er ei lesverdig bok eg vil anbefale varmt til alle som jobber i ein organisasjon som enten kjøper eller utvikler informasjonsteknologi (IT).
IT-utvikling er for mange organisasjoner ein viktig forutsetning for å kunne vere konkurransedyktig, og Forsgren et al. (2018) meiner dette gjer seg gjeldande i både non-profitt og for-profitt sektorer. I arbeidet med boka så har dei forska på ei rekkje organisasjoner og analysert seg fram til kva som kjenneteikner organisasjoner som presterer dårleg, midt på treet og særs godt.
The most innovative companies and highest-performing organizations are always striving to be better and never consider themselves “mature” or “done” with their improvement or transformation journey - and we see this in our research (Forsgren et al. 2018, s. 30).
Ingen organisasjoner blir ferdig digitalisert, sjølv om mange gjerne skulle håpe på det. Organisasjoner som presterer godt i sin sektor gjer det fordi dei kontinuerleg jobber for å vere ein lærende organisasjon som alltid er på jakt etter å bli betre.
Med utgangspunkt i denne innsikten så argumenterer Forsgren et al. (2018) for at organisasjoner må fokusere på å dyrke fram og styrke konkrete emner (capabilities). Og basert på forskinga si så har dei utvikla 24 emner som dei meiner organisasjoner kan velje å styrke seg på i lys av sektoren dei opererer i. Desse emna omfatter: Løpende levering, arkitektur, produkt og prosess, Lean leiarskap og monitorering og kultur.
Ikkje alle av emnene vil vere like viktige å styrke seg på for alle organisasjonar, men dei er uansett nyttige å vite om med tanke på å orientere seg i terrenget og å stake ut ein kurs for strategisk organisasjonsutvikling.
Forfriskande forskingsmetodikk #
Boka byggjer på eit fireårig forskingsprosjekt som har sett på korleis IT-utvikling blir gjort «der ute» i den verkelege verda. Gjennom prosjektet så har dei samla inn over 23 000 survey-svar, ifrå over 2000 ulike organisasjoner, der størrelsen spenner ifrå 5 ansatte i ein startup heile vegen til større konsern med over 10 000 ansatte.
Det finst uhorveleg mange IT-bøker der ute, men dei byggjer sjeldan på eit forskingsarbeid som er så grundig. Mange bøker om IT-utvikling byggjer sin argumentasjon på anekdotiske erfaringar ifrå forfattaren og gjerne i kombinasjon med eit sett med case studier. Til forskjell så byggjer denne boka på ein strengt designa spørjeundersøking som er distribuert breidt ut i IT-industrien.
Eg kan skjøne at det er lett å trekkje på skuldrane når ein les ordet spørjeundersøking (eg blir også skeptisk), men boka vier heldigvis ein betydeleg del til å greie ut om korleis spørsmåla er bygd på eksisterande teori og statistisk testa til å vere valide og truverdige. Og ved at boka tek seg tid til å setje lesaren inn i grunnleggjande forskingsmetodikk så får eg ein aukt tillit til resultata som boka legg fram.
Innsikten i boka #
Boka presterer å vere tettpakka med informasjon uten å oppleves langdryg. Del 1 av boka presenterer innsikten ifrå forskinga kokt ned til 24 emner som organisasjoner kan kultivere. Del 2 presenterer sjølve forskingsmetodikken, som eg fant veldig lesverdig. Del 3 presenterer eit case studie av korleis råda ifrå boka kan sjå ut når dei blir iverksatt i ein større bedrift.
I boka så finn ein også eit forenkla oppslagsverk over dei 24 emnene. Eg tenkjer difor at dette er ei kompakt bok som det er relativt greit å kome gjennom, men lesarar bør likevel prøve å ta seg tid til å dvele over innhaldet og gjerne ved seinare høve i eigen arbeidskvardag benytte seg av oppslagsverket i boka til å slå opp på enkelt-emner.
Korleis bør ein eigentleg måle IT-utviklings ytelse? #
Forsgren et al. (2018) noterer seg at det har vore mange feilslåtte forsøk på å måle kor godt organisasjoner presterer på IT-utvikling, og døme på feilaktig måling er å fokusere på antall kodelinjer, utviklingshastighet og kor tett ein klarer å pakke ansatte sine kalenderar. «In general, they suffer from two drawbacks. First, they focus on outputs rather than outcomes. Second, they focus on individual or local measures rather than team or global ones (Forsgren et al. 2018, s. 34).»
For å kunne måle IT-utviklings ytelse på organisasjoner i forskinga si så har dei jobba fram desse indikatorane:
-
Ledetid på leveranse: Denne indikatoren byggjer på Lean teori rundt ledetid, og oversatt til konteksten rundt IT-utvikling så stiller ein spørsmålet: Kor lang tid tek ein feature ifrå commit (kode-endring) til endringen er live ut mot brukere? For dei med høgast ytelse så kan dette ta under ein time, for andre så kan dette ta opp mot seks måneder.
-
Lanseringsfrekvens: Her tek forfattarane også inspirasjon ifrå Lean teori ved å ta utgangspunkt i konseptet jobb-størrelse (batch size). For å tilretteleggje dette for ein IT-kontekst og gjere dette mogeleg å måle på ein god måte så stiller dei spørsmålet om kor ofte ein ruller nye endringer ut live for brukere?
-
Tid til gjenoppretting av tjeneste: Feil er dømt til å skje ved utvikling av komplekse IT-løysinger meiner Forsgren et al. (2018) og dei argumenterer for at ein bør fokusere på kor raskt organisasjoner klarer å rette opp feil dersom ein teneste går ned. Tar gjenoppretting av ei teneste normalt under ein time, eller kan det ta fleire dager?
-
Endringsfeilrate: Her ser ein på kor stor andel av endringer som blir rullet ut live som inneheld feil. «In the context of Lean, this is the same as percent complete and accurate for the product delivery process, and is a key quality metric (Forsgren et al. 2018, s. 38).»
Med desse fire indikatorane så kunne forfattarane gjere ein statistisk klyngeanalyse av svara dei fekk frå spørjeundersøkinga. Basert på denne grupperinga så synleggjorde dei at det å gjere det sterkt på desse indikatorane for IT-utviklingsytelse tilseier at selskapet også møter sine forretningsmål på sterkt vis.
You read that right: the research in this book includes analyses that go beyond correlation into prediction (Forsgren et al. 2018, s. 42).
Ved å sjå nærare på desse selskapa som gjer det sterkt, så har dei utvikla 24 emner som organisasjoner kan velje å investere tid til å bli gode på. Så, ved å investere tid til å bli god på ein eller fleire av emnene så føljer det av forskinga at organisasjonen vil meir effektivt møte sine forretningsmål.
Ron Westrum sin kulturelle typologi #
Når ein skal diskutere strategi så fisker folk ofte fram dette ordtaket, «kultur spiser strategi til frukost». Og folk tek ordtaket som oftast for god fisk. Men kva tyder det eigentleg å ha ein god kultur, og korleis skal ein klare å måle dette på eit vis som vil vere overførbart mellom bedrifter?
Her meiner eg Forsgren et al. (2018) gjer eit solid kunststykke ved å lene seg på forskinga til sosiologen Ron Westrum som har utvikla ein typologi over ulike organisasjonskulturer. Denne typologien har tre hovedtyper:
-
Patologisk (makt-orientert). Organisasjoner av denne typen er frykt-basert og er prega av at ansatte gjerne gøymer på informasjon for eigen intern-politisk vinning.
-
Byråkratisk (regel-orientert). Dette er gjerne større organisasjoner der avdelingsleiarar er mest interessert i å beskytte sin avdeling og sine interesser. Denne kulturen tilseier at det er viktigare å fylje reglene framfor å nå overordna forretningsmål.
-
Generativ (prestasjons-orientert). Organisasjoner av denne typen fokuserer på å oppnå dei overordna forretningsmåla, og har ingenting imot å endre på regler eller bryte tradisjoner om det betyr at ein oppnår forretningsmåla som eigentleg betyr noko.
Uttover å ha lagd denne typologien så hevder Westrum at kulturen i ein organisasjon tilseier kor god informasjonsflyt den har. Basert på Westrum sin typologi så tok Forsgren et al. og la til spørsmål i undersøkinga si for å kunne gruppere og analysere svar med tanke på kultur.
We hypotesized that culture would predict both software delivery performance and organizational performance. We also predicted that it would lead to higher levels of job satisfaction. Both of these hypotheses proved to be true (Forsgren et al. 2018, s. 49).
Kultur har altså ein tydeleg innverknad på kor godt ein organisasjon kan møte sine forretningsmål. I seg sjølv så er dette gjerne ikkje ein så sensasjonell innsikt, men eg vil hevde at sensasjonsfaktoren stig når forfattarane argumenterer for at det å endre måten me gjer ting på (praksis) kan skape ein betre kultur.
Ved å adoptere praksiser som løpende leveranser (continuous delivery) og Lean teori så kan ein organisasjon endre kulturen sin ved å late som. Gjennom å endre på tingene me gjer (oppførselen), så kan me påvirke tankesettet vårt (kulturen).
Reint konkret så kan ein organisasjon til dømes investere tid i å få på plass betre praksis rundt løpende leveranser. Denne praksisen vil gjere det tryggere og lettere å lansere kode-oppdateringer og ikkje minst rulle tilbake endringer dersom feil skulle oppstå. Dermed kan ein organisasjon gå frå å frykte feilslåtte lanseringer, til å i praksis ufarleggjere feil, lære av feil, og endeleg legge til rette for ein økt psykologisk tryggleik hos ansatte.
Oppsummering og vegen vidare #
Accelerate er ei grundig, forskingsbasert på bok som eg meiner er relevant for alle som jobber med informasjonsteknologi. I boka frembringer forfattarane Forsgren et al. (2018) tydelege funn rundt kva som kjenneteikner organisasjoner som er særs gode på IT-utvikling og korleis dette påvirker kor godt organisasjonen klarer å møte sine forretningsmål.
Både praksis og kultur legger viktige føringer for organisasjonsytelse. Forfattarane argumenterer i boka for korleis ein kan påvirke kultur ved å innføre eller endre ulike IT-relaterte praksiser. Basert på funna sine så kjem dei med 24 konkrete emner som organisasjoner kan velje å styrke seg på.
For min del så har eg allereie såvidt byrja å implementere innsikten ifrå denne boka i min eigen arbeidskvardag. Resultatet av det arbeidet resulterer kanskje i ein tekst her i framtida. Enn så lengje så har eg eit mål om å prøve å få fleire av mine kollegaer til å lese denne boka og saman finne nye måter å styrke oss på IT-utvikling i framtida.
Takk til Jonas J. Solsvik for korrektur.