Tida renn ut for Smittestopp-appen

Me kan ikkje akseptere at den nye normalen blir tryggleik gjennom masseovervaking.

Dette innlegget blei fyrst publisert på BT.no

Førre veke kunne ein lese i Bergens Tidende at to professorar med tilknyting til forskingsselskapet Simula spør om det er riktig å prioritere personvern framfor tryggleik, når det gjeld Smittestopp-appen.

Eg meiner at viss me faktisk skal få samfunnet tilbake på skinnene, så kan me ikkje akseptere at den nye normalen blir tryggleik gjennom masseovervaking.

Det er forståeleg at både Simula og Folkehelseinstituttet (FHI) prøver å få kontroll på narrativet i media. På digi.no kan ein lese at veksten i bruken av Smittestopp-appen nærast har stoppa opp. Det er framleis langt igjen før appen har 60 prosent av norsk befolkning som aktive brukarar, som trengst for at appen skal fungere godt, ifølgje Simula. Om den skulle få nok brukarar, risikerer me framleis at den vil vere ineffektiv.

I mellomtida er me som samfunn i ferd med å nedkjempe viruset covid-19.

Når me skal sjå tilbake på denne tida, må me hugse på at dette viruset blei nedkjempa gjennom sosial distansering, hyppig handvask og folk som torde å stå i frontlinjene for oss, anten det var på sjukehuset eller i butikken.

Denne redninga kom ikkje gjennom ei nasegrus tru på hasteutvikla teknologi, men gjennom nøktern politikk og tilmålte tiltak.

Eg meiner at dersom me skal klare å skrape saman noko verdi ut av millionane som vart kasta på utviklinga av Smittestopp-appen, måtte det vere å bruke dette som eit springbrett til ein breiare debatt om masseovervaking og innsamling av data til forskingsføremål.

For tida er faktisk i ferd med å renne ut for Simula og FHI, som ynskjer å rettferdigjere Smittestopp-appen.