Nils printer e-post, eit påskeprosjekt
Det er unødvendig å printe e-post. Men dersom e-post volumet er på maks 1-3 e-post i måneden, og det er sytsamt for vedkommande å få lest e-posten så kan eg vere med på at det er ok å automatisere utprintinga.
Etter å ha blitt overtalt så sat eg meg ned i påsken og lagde ein liten automatisering ved hjelp av ein Raspberry Pi (mini-pc).
Målet var å automatisk printe e-post som kom til ein e-postkonto.
Eg har aldri gjort noke vetugt med ein Raspberry Pi før så det var kjekt å få gjere seg kjend med den plattformen. På vegen så skreiv eg også ein meir teknisk introduksjon for å gjere det lettare for andre som vil kome igang med RPi.
Så, kva gjorde eg?
Fyrst måtte eg få RPien opp å gå på heimenettverket. Eg lasta ned operativsystemet Raspbian og fekk lagt det over på eit MicroSD-kort, som fungerar som harddisken i ein RPi. Det var ein del fram og tilbake for å få den konfigurert riktig slik at den automatisk kopla seg på nettverket og hadde kommandolinjetilgang via SSH.
Etter kvart var RPien online på nettverket og eg hadde høve til å konfigurere den. Men det tydde eigentleg berre at no var eg kome fram til startstripa. Eg hadde framleis ikkje starta med å gjere den faktiske automatiseringa.
Eg tenkte at riktig plass å byrje var å fyrst få RPi til å printe. Så, eg kopla RPi til printeren via USB. Så, logga eg meg inn på RPi via kommandolinjen og byrja å lese meg litt opp på CUPS, som er ein episk printerprogramvare med støtte for alskens printerar inkludert vår ærverdige, gamle heimeprinter. Når eg jobba med dette så tenkte eg at, “det må jo vere mange frivillige som set sin stolhet i å leggje inn printerdriverar her.” Etter litt konfigurasjonsfikling så var fyrste testside printa ut.
Så, no hadde eg printing på plass. Då eg viste testarket til bror min så kommenterte han at no var me vel snart i mål. “Nei, det er faktisk litt å finne ut av som gjenstår,” svara eg. Neste nøtt var korleis eg skulle kople printing opp mot sjekking av e-post.
Mi fyrste tanke var at eg skulle lage til ein kodesnutt som periodisk såg etter ny e-post for så å printe den. Men korleis skulle eg unngå å printe same e-posten fleire gonger? Eg funderte på om eg skulle merke printa e-post som lest eller merke dei på anna vis. Eg byrja å grave i eksisterande kode som eg kanskje kunne byggje vidare på.
Det fine med slike sideprosjekter som dette er at det eigentleg ikkje treng å bli ferdig. Eg tok mange pauser i sola og i ein av desse pausene så lufta eg problemstillingane for bror min.
“Er det ikkje berre å settje opp ein regel? Det er slik eg hadde gjort det i Microsoft Outlook.”
Eg hadde lyst til å bryte ut, “men det er ikkje berre å gjere det!”
Så, tenkte eg meg litt om, og jau, eg kunne sjølvsagt teste å installere e-postklienten Thunderbird. Fram til dette punktet så hadde eg håpt at eg skulle sleppe å måtte installere eit grafisk grensesnitt på RPi fordi eg ville sjå om eg kunne klare meg uten. Men det var eigentleg ein unødvendig avgrensning. Thunderbird har eksistert lengje, og folk har forsøkt å løyse alle moglege problemstillingar. Eit kjapt nettsøk syna at Thunderbird-tillegget FiltaQuilla såg ut til å ha printerfunksjonaliteten eg trong.
Eg oppdaga at det var fort gjort å installere og aktivere grafisk grensesnitt i Raspbian. Utover kommandolinjetilgang så hadde eg no også høve til å logge meg inn via VNC (Virtual Network Computing), som gav meg ein desktop oppleving over nettverket. Derfra gjekk det slag i slag, eg installerte Thunderbird, satt opp e-post tilkopling, installerte FiltaQuilla og satt opp filter med automatisk utprinting av ny e-post.
Til slutt tenkte eg på kva som skulle skje i tilfelle straumbrot. I det grafiske grensesnittet så skrudde eg på at RPi skulle automatisk logge inn til skrivebordet ved oppstart. Vidare så la eg ved ein oppstartsfil for skrivebordet som automatisk aktiverte Thunderbird. Deretter testa eg med å gjere ein omstart av RPi og Thunderbird starta automatisk opp som den skulle.
Det var eit kjekt påskeprosjekt i grunn 🐣. Når så mykje teknologi har ulike problem så veit eg å settje pris på dei øyeblikka der ting faktisk fungerar som det skal.