Facebook-skandalene har stått i kø i 2018. Kva med å teste noko anna?

Me treng ikkje svelge alt som kjem i frå Silicon Valley, ei heller Facebook. Eg kan fortelje litt om kva eg gjorde.

Her er ein re-publisering av eit innlegg eg fekk publisert på BT.no.

Dette er ein appell til alle døtre og søner som skal heim til jul for å fikse ruteren til familien. Det er på tide at dykk tek praten med resten av familien, og den praten må handle om Facebook.

Eg sletta Facebook i april i år, og eg vil gjerne få andre til å vurdere det same. Men då treng eg hjelp i frå dykk kjære ruter-resetterar, hdmi-kjelde-finnerar og laptoprydderar. Dykk er vitale for den tekniske infrastrukturen i landet. Og det er dykk som må lede anslaget, der me tek praten om å komme oss over på alternativer til Facebook.

Mange tenkjer nok at det ikkje er så farleg å vere på Facebook, for det er jo så lettvint og det er jo så lett å fylgje med på folk og fylgje med på naboen. Men i det større biletet så er det mykje som er problematisk med dette børsnoterte selskapet.

Facebook vil nok seie at dei knytter verda tettare saman, og framelsker koplingar mellom menneske. Men i april i år kunne avisa The Guardian meddele at Facebook spelte ei avgjerande rolle som ein plattform for hatkampanjer i Myanmar, som førte til at hundretusenvis av Rohingya folk blei drivne på flukt. Analytikerane som blei intervjua i artikkelen fortalde at dei skjøna ikkje korleis Mark Zuckerberg kunne sove om natta.

Facebook vil nok seie at dei er med på å mobilisere folket. Tidlegare i år kunne me lese om korleis Cambridge Analytica fekk spele ei viktig rolle i det amerikanske presidentvalet i 2016. Cambridge Analytica gjorde ein ulovleg innhausting av brukardata i frå Facebook, som dei analyserte slik at dei kunne gje gode råd om kor valgkampanjen til Trump skulle setje inn støtet. No i desember fekk Facebook eit søksmål i julegåve for denne uvørne databruken.

Politikerar på tvers av kontinenta er i ferd med å miste tolmodet og ser seg nødt til å regulere Facebook. Det skal ikkje så mykje til for å vippe val og kaste land ut i uvisse. Det blir særs tydeleg om me ser på Storbritannia si Brexit-prosess. Frå avstand kan me gyse over korleis eit land kan begi seg ut på ein slik prosess med knappast mogleg margin.

I forbindelse med Brexit-valet i 2016 betalte Vote Leave-kampanjen 3,9 millionar euro til det digitale markedsføringsselskapet Aggregate IQ. I mars kunne The Guardian avsløre at AIQ hadde tette band til Cambridge Analytica, sjølv om dei sjølv hadde nekta for det. Så, sjå for dykk korleis AIQ og Cambridge Analytica kunne pumpe politisk reklame inn i Facebook-straumen, med eit sylskarpt fokus på folk som var på vippen i forkant av valet.

Facebook vil nok seie at dei verdset brukarane sine høgt, men det er altså brukardataene våre dei meiner. No i desember serverte The New York Times den ferskaste Facebook-skandalen. I forkant av artikkelen hadde dei intervjua meir enn 60 personar og lest gjennom meir enn 270 interne Facebook-dokumenter.

Det artikkelen avslører er at Facebook delte brukardata med ei rekke andre firma, samstundes som dei sa at personvernet låg i høgsetet. Søkemotoren Bing fekk tilgang til venelistene til Facebook-brukarar. Netflix og Spotify fekk høve til å lese Facebook-brukarane sine private meldinger.

Heilt utan eit pip til brukarane har Facebook villig delt kontaktlister med Amazon, Yahoo og Huawei for å kunne danne djupe innsikter i våre relasjoner. Det kan du tenkje på neste gong Facebook foreslår vener du kanskje kjenner.

Heime i dei grissgrendte, julepynta stovene våre er det lett å kjenne seg makteslaus. Men me treng ikkje svelge alt som kjem i frå Silicon Valley, ei heller Facebook. Det er ein heil del me kan gjere, og eg kan fortelje litt om kva eg gjorde.

Når eg bestemte meg for å slutte med Facebook så testa eg fyrst å laste ned dataene mine. Eg anbefaler alle å laste ned ein kopi av sine brukardata. Det du får er ei nedlastbar mappe, med ei .html-fil du kan klikke på for å få opp eit lite dashboard over dine data. I dashboardet kan du då navigere gjennom Facebook-dataene dine. Det er her dei datakyndige døtrene og sønene kjem inn i biletet, for dei kan hjelpe resten av familien med å utforske denne nedlastinga.

I april i år fortalde eg mine næraste 1000+ vener på Facebook at no slutter eg. Eg delte ein bloggpost der eg forklarte motivasjonen min og oppmoda vener om å leggje meg til på meldingstenesta Signal. Eg valde Signal fordi det er ei kryptert meldingsteneste eigd av ein non-profit organisasjon. Det sikrer at selskapet ikkje berre kan bli kjøpt opp og brukerdataene solgt.

Kjeldekoden som programmet er lagd av er åpen for alle å lese, som også er ein stor grunn til at folk velger å stole på tenesta. I 2016 ville FBI tvinge Signal til å frigi brukerdata, men da viste det seg at dei lagra nesten ingenting om brukarane sine.

Mamma blei fortumla når eg fortalde at eg ikkje lengre kunne nås på Messenger, men eg hjalp ho over på Signal. Pappa er framleis godt nøgd sms-entusiast. Bror min, søstera mi og ei knippe med gode vener valde også å installere Signal. Men dei har framleis Facebook, og det er heilt greit.

For meg er det givande å flytte familie og vener nokre steg inn i ei personverna framtid. Om ditt lodd i livet er å vere den datakyndige i familien, så er det truleg du som må ta denne Facebook-praten.

Anten du les dette på ferjeleiet, på toget eller på hurtigruta på veg heim til jul, så kan du tenkje at du har ein ekstra ting å sjå på i tillegg til å fikse ruteren. Du kan spørje familien din om dykk ikkje berre skal teste noko anna enn Facebook?