Ein introduksjon til NAV sine IT-systemer og IT-arkitektur

Me snakker titt og støtt om NAV og gjerne om IT-systema deira. Men kva for system er det eigentleg snakk om?

Denne problemstillinga pitcha eg som eit lyntaleforslag til Boosterkonferansen 2017. Dei aksepterte og eg leverte. :) I videoen presenterer eg eit lite nå-bilete på kva for IT system ein NAV-ansatt må jobbe med i sin kvardag. Det er fengslande greier.

  ">#

Bakgrunn og motivasjonen #

Sjølv har eg aldri jobba med NAV system. Det er takket vere hjelpsomme mennesker i NAV at eg har vore stand til å gjere nok research til å kunne snekre saman denne lyntalen.

Gjennom arbeidet så er det to ting som har blitt klarare for meg. Nr ein er at me skriv og snakkar altfor lite om dei gamle systema som veks opp rundt oss. Og nr to er at skattefinansierte IT-løysinger burde vere offentleg tilgjengeleg for innsyn og nedlastning.

Eg trur det er mykje me kan lære av gamle system. Ein kan lære av vala som blei tatt under utviklingen av systemet, ein kan lære av det tekniske håndtverket og ein lære av systemet i lys av den historiske konteksten.

Spesielt når det kjem til skattefinansierte system så bør ein prøve å få til betre innsyn i det tekniske. Grunnen til det er at eg trur med tida så vil meir og meir av vår kvardag styrast av meir og meir automatiske besluttningssystem. Og når ein då eventuellt får avslag på ein elektronisk søknad så vil det vere viktig med høve til innsyn i den underliggande besluttningslogikken.

Beklageligvis har eg ikkje eit betre bilete av nav arkitekturen som eg viser til i lyntalen min, men her er den nå likevel om du vil sjå nærare.

Diagram over NAV arkitektur

Eit kornete bilete av NAV sin IT-arkitektur

Om du tilfeldigvis er ein NAV ansatt som sit på ein høgoppløseleg versjon ta kontakt (kontaktinfo i footer).

Nedenfor fyljer ein liten oversikt over NAV systema med tilhørande skjermbilete.

Modia #

Modia er i skrivande stund det nyaste systemet i NAV. Det er om lag eit år gammalt. Modia er lagd for å hjelpe navansatte med å hjelpe navklientane sine. Saker blir opprettet og fordelt mellom nav ansatte og det er mogleg å få ein god oversikt over alt som er sagt og sendt mellom ansatt og klient. Denne oversikten kan faktisk klientane også få sjå ved at dei logger seg inn online. Denne synligheten skiljer Modia radikalt frå tidlegare system.

Skjermbilete av dashboardet til NAV systemet Modia

Modia: Siste skrik innen klienthåndteringssystemer for NAV.

GoSyS #

GoSyS er eit om lag syv år eldre NAV system som har mykje av den same funksjonaliteten som Modia. På sikt er nok målet at Modia skal erstatte GoSyS.

Skjermbilete av dashboardet til NAV systemet GoSyS

GoSyS-oversikt: Også eit system for å handtere ansatt-klient-relasjoner.

GoSyS: Skjermbilete av dashboardet når en ser på en enkelt bruker

GoSyS-personvisning: En oppfordres til å sjekke Modia fordi brukeren kan ha hendvendelser der.

Arena #

Arena er eit NAV system frå om lag år 2000. Dette systemet er ein arv frå det som tidligare var A-Etat.

Skjermbilete av NAV systemet Arena: Oversikt

Arena: Dashboardet, startoversikt.

Skjermbilete av NAV systemet Arena: Personvisning

Arena: Personvisning

Infotrygd #

I 1978 starta det som var norsk Rikstrygdeverket arbeidet med det som kom til å bli Infotrygd. Systemet er skriven i Cobol og køyrer på ein IBM stormaskin.

Skjermbilete av dashboardet til NAV systemet Modia

Infotrygd: State of the art, anno 1978.

Vidare lesning #

Det er ikkje så mange kjelder der ute over kva for IT-system som bor i NAV, men eg har kommet over noken som seier litt.

  • nav.no: IT-modernisering i NAV-tidslinje. Her presenteres ei tidslinje som gir eit overblikk på eit veldig overordna nivå.*
  • Etterevaluering av NAV IKT Basis. Evaluering av NAV reformen som var sammenslåingsprosessen mellom A-etat og Trygdeetaten. Nærmere bestemt evaluerer denne rapporten IKT-basis som var eit prosjekt for å sørge for at det ville vere ein heilhetlig teknologisk løysing for det som skulle bli NAV organisasjonen etter reformen.

Vidare, vidare lesning (2019) #

Nokre gonger tek folk kontakt på e-post for meir info. Som er hyggelig. :) Nav.no har videreutvikla seg sidan eg gjorde min research og det vil eg gjerne peike på: