Tips: Lag ein gjestekonto for powerpoint presentasjoner
For nokre veker sidan skulle eg ha ein presentasjon. Eg hadde møtt opp tidleg, kjøpt meg ein kopp kaffe og koplet laptop’en til fremvisaren. Eg hadde til og med testkjørt presentasjonen. Alt med god margin. Ingenting kunne gå galt, trudde eg.
Etter at mange av deltakerane hadde komt og fått satt seg ned la eg merke til at skjermbeskyttaren var litt for ivrig på å skru av skjermen. Eg bykset opp og minimerte presentasjonen for å komme til skrivebordet, og synet som møtte både meg og mine tilskoderar var eit skrivebord dekket av ikoner. Oh, the horror.
Eg meiner, det er jo heilt greit. Det viser at me alle er “vanlege dødelege”, til og med undertegnede, IT-fyren som skulle til å fortelje om det framtidige IT-konsulent firmaet sitt. Presentasjonen gjekk sjølvsagt heilt fint. Og så byrja eg å tenkje på korleis ein kan løyse dette problemet ein gong for alle.
Løsningen er å lage ein presentasjons-bruker/konto #
Problemet er at skjermbeskytteren helst burde vere avslått når ein skal presentere, og skrivebordet ryddig og pent. Videre har ein kanskje ikkje lyst til at alskens nettleserhistorikk skal dukke opp viss ein skal inn på internett under presentasjonen. Dessuten vil ein kanskje heller ha firmalogoen på skrivebordet enn familiebildet akkurat under presentasjonen.
Muligheten for å lage masse brukerkontoer til ymse bruk eksisterer på Windows, Mac OS/X og Linux. Det fins mange gode guider der ute for korleis ein kan opprette brukerkontoer. Her vil eg berre foreslår at ein bruker den funksjonaliteten for å lage ein “presentasjonskonto” der ein gjer desse endringane.
- Skrur av skjermbeskytteren, og ev. straumsparing.
- Sikrer seg at presentasjonsprogramvaren fungerer.
Vips! Dermed kan me herje vidare i våre uryddige skrivebord.