Hvordan sette opp web server bak Altibox

Etter ein begivenhetsrik dag med mykje søking online så har eg omsider fått min web server oppe og gå bak ein Altibox router (at du kan lese denne posten er eit teikn på det). Her kjem ein guide for andre som kunne tenkje seg å gjere det samme.

Ein fungerande web server, litt som ein digital bat cave. ^_^

Det er fyrst og fremst to ting ein bør vete ang Altibox rutermodellen Telsey CPL4. Ruteren tolker besøk frå lokalt nettverk på port 80 som innlogingsforsøk, og ruteren foretar ikkje port forwarding på besøk frå lokalt nettverk.

Altibox support kunne fortelje meg at serveren min var faktisk oppe og gjekk fint. Problemet var berre at port forwarding’en ikkje fungerte for maskinene “bak ruteren”, altså besøk som ikkje kom over internett. Kudos til Altibox support som svarte raskt på Facebook siden sin!

Nett no peiker nilsnh.no på den offentlege ip’en til altibox ruteren min. Når folk besøker den ip’en på port 80 tar ruteren og videresender til serveren min.

To løysinger #

Alternativ 1: Kjøp ny ruter, og kombiner den med Altibox ruteren via bridging slik at Altibox ruteren effektivt overlater alt ansvar over til ein forhåpentlegvis betre ruter. Altibox guide for bridging.

Alternativ 2: Gå via ein VPN utenfor nettverket ditt (det er dette eg gjer i skrivende øyeblikk). VPN står for virtual private network, og det består i bunn og grunn av ein kryptert nettforbindelse til ein maskin som du bla. kan surfe på nettet gjennom. Resultatet blir at eg surfer ut av nettverket, gjennom ein maskin “der ute” som sender meg tilbake til ruteren som port forwarder meg til serveren. Potensielt ein lang tur, men det går og det går relativt fort.

Oppsettet mitt #

  1. Webserver: Gammel HP laptop dv9510eo med Crunchbang installert.
  2. Ruteren deler automatisk ut ip’er til alle maskiner på nettverket. Eg har minsket addresseområdet, slik at det er noken ip addresser som ikkje blir delt ut.
  3. Deretter satt eg opp port forwarding til ein ip-addresse som eg visste ikkje ville bli delt ut.
  4. Web serveren ble så satt opp med denne statiske ip-addressen. Og eg bekreftet pcen var synleg frå internett med canyouseeme.org.