Kvite busser til Guantanamo?

På veg heim med mine venner ein sein kveld.

Eg fortalde dei om ein reise eg hadde til Polen i åttende klasse i regi av Hvite Busser. Eg fortalde om ei saltgruve i Krakow der me var nøydde til å gå lange trapper ned, til me var på bunnen og kunne skue ei praktfull kirke skåret ut av saltet. Guiden vår som sa at ein tente to år på kvart besøk her ned kunne med glede meddele at han var 483 år gammal, eller noko slikt.

Vennene mine viste kor denne samtalen bar. Poenget med dei kvite bussene er at 8. klasser skal få reise ned til Polen og få sjå konsentrasjonsleirene. Eg hugsar leiren, og eg hugsar orda til tidsvitnet. Det var bla. eit stort uteområde for testing av sko der folk gjekk i ring over ulikt underlag heile dagen for å sjå korleis ulike skotyper blei slitt ut. Ein var særs uheldig dersom ein fekk utdelt eit skopar i feil størrelse. Eg rundet historien av med å fortelje om det å stå i ein stor utedo med lange rader med hull til å gjere sitt fornødne, skulder til skulder.

Eg trengte ikkje å nevne forbrenningsovnane, dusjane, lageret av hår, lampeskjermen av menneskehud. Me var berre på veg heim frå ein fest så eg ville ikkje dra det ut.  Kvelden var tross alt så fin. Bergensnatten var varm mot huden og vinden lekte i håret.

Dagen derpå slo ein tanke meg.

Vil det kjøre kvite busser med skoleklasser og tidsvitner til Guantanamo i framtiden?

Å halde på fangar utan dom. Gjerne med tortur. Dei manglar berre ovnane.

Eller var eg urimeleg no?