Programutvikling som teaterproduksjon

Her er nokre tankar før eg raser ut i januarkulden.

Forrige torsdag så var eg på Infofest med Immaturus, eit studentteater som eg har hatt fornøyelsen av å få vere del av i fleire år. Her vil eg berre drodle ned nokre tankar om kva programvareutvikling kanskje kan lære i frå skuespelarverden.

Stemninga var flott. Spente skodespelerar. Spente regissørar. Spenninga dreidde seg om korvidt skodespelarane skulle få vere med på spanande prosjekt og korvidt regissørane skulle få skodespelerar til å realisere sine spanande prosjekt. Like viktig er produsenten og produksjonsapparatet. I alt var det tre prosjekter som stod i startgropa foran eit nytt semester, klar til å jobbe knallhardt mot ein premiere. Etter at arrangementet var over og eg kunne ta meg ein velfortjent øl etter å ha bemannet baren for kvelden så traff eg på ein annen programmerer som bla. jobber med å ordne lys for teaterproduksjoner.

Programvareutviklingsverda har ikkje alltid vore like utadvent. I starten var programmering forbeholdt rakettforskerar. No, har me alt i frå eldre pipe-røykande radiografer til 11-åringar. Heldigvis fleire jenter også. Med eit større mangfald så får ein også ein meir variert programmeringskultur. Forhåpentlegvis er dette grobunn for ein meir utadvendt kultur.

Tankeeksperimentet #

Tenk om pils & programmering holdt ein form for Infofest i starten av semesteret der ein hadde fleire regissører og produsenter til stades spente på om dei skulle klare å overbevise programmererar til å vere med på sitt prosjekt.

Regissørane og produsentane ville i denne konteksten vore produkteigar og lead programmer respektivt. Produkteigar (regissør) har overordna ansvar, bærer visjonen og har fokus på kundeopplevelsen av applikasjonen. Lead programmer (produsent) har ansvar for koordinering av team.

Så bærer det inn i ein intens produksjonsfase der ein jobber for å nå eit sett med milepæler, og levere eit fremragande produkt på slutten med ein tilhørande premierefest. I det eg skriv dette så ser eg at visse prosjekt vil lett stå i fare for å kunne bomme på fristen. Overestimere eller understimere, men vil vere ein