Pils & Programming bør utdanne produktlederar

Heisann verden. :)

Pils & Programmering blei grunnlagt (dvs. fyrste event avholdt) ein fredag det herrens år totusenogelleve, 21 oktober. Snart eit år seinare så har me 32 møter bak oss, 51 personer som har sagt ja til å bli invitert til kvar event og 130 likes på fb-sida vår.

Eg skal ikkje mimre for mykje, det får me tidsnok tid til om nokre veker. I staden så vil eg fremje forslag om det å ha produkteigerar for P&P sine prosjekt og byrje å tenkje på korleis me kan skalere Pils & Programmering.

Forslag 1: Produkteigerar #

I løpet av eit år så har eg sett chill kunnskapsutveksling, lettbeint samarbeid og noken utrolig fine idear. (Kompiler Bergen ftw!) Det er ein framdrift rundt desse prosjekta, men det er lett at dei forsvinn i frå fokuset vårt når skole- og/eller arbeidsoppgåver kaller. For å sørge for framdriften bak desse ideane så trur eg at det kan vere lurt å innføre eit konsept alá produkteigar.

Produkteigar (innafor P&P paradigmet): Ein person som kan administrere eit prosjekt, rekruttere oss andre til å hjelpe (mase litt på oss) og generelt sett vere ein primus motor. Eit prosjekt kan eksempelvis vere ein forelesning, ein hackaton, ein applikasjon eller eit ansvarsområde som rekruttering, pr, o.l..

Nå er me kome på eit punkt der me er 50 stk, og 130 Facebook likes. Det er potensielt 130 utviklerar. Og dersom ein av fem vil “eige” eit P&P prosjekt kan me ha 26 prosjekt kjørande paralellt, med fire personar til hjelp for kvar produkteigar. (La gå, det er litt best case scenario.)

Uansett så trur eg dette kan vere med på å gjere det lettare å halde framdrift på prosjektene våre, og me kan berre teste det ut og gå tilbake til noko anna dersom det ikkje fungerar. Og dersom fleire kunne tenkje seg å vere  produkteigar for eit lite P&P prosjekt så vil det forhåpentlegvis vere eit steg mot ein desentralisering av avgjerder og økt aktivisering (empowerment) av fleire medlemmer.

Ei (uoffisiell og lite dekkande liste) med forslag til P&P prosjekter :) #

Mange av P&P sine prosjekter kan du finne på github siden for P&P.

  1. PilsProg.no. Domenet er kjøpt, og utviklingen er allereie i gong. Det gjenstår framleis ein del diskutering om kva for funksjon denne sida kjem til å ha.
  2. Kompiler.no. Domenet er kjøpt og utvikling er i gong. Målet er å “kompilere” Bergen, dvs. skape eit knutepunkt for alle dei mindre IT organisasjonane som held til i Bergen og som organiserar mange interessante hendingar.
  3. Organisering av eit hackaton på Kvarteret, er det nokon som kunne tenkje seg å sjå på dette?
  4. Organisering av P&P forelesningar i forkant av P&P, eksempeltema kan vere automatisering av ølbrygging, demoing av ein eller annan teknologi eller liknande.
  5. PR: Dersom nokon føler seg kalla så kan me prøve å få til P&P t-skjorter i tillegg til ein P&P roll-up.
  6. Osv. osv. :)

Forslag 2: Skalering #

Nå har eg i grunn ikkje meir tid til å skrive, men eg kastar det ut her.

  1. Ynskjer me skalering?
  2. Kva gjer me dersom det byrjer å kome 50stk?
  3. Kor skal me ev. flytte oss? Personleg meiner eg at me har noko å tene på i det å vere ute blant folk. :)

Alt dette kan me diskutere #

  1. Send inn eit innlegg her som kommentar, eller enda betre
  2. ta turen innom neste P&P og ta opp diskusjonen. :)

(Til slutt. No stress. P&P vil framleis handle om chill co-coding.) :)