Masterliv: Tankar rundt eit kontantlaust samfunn

Det er morgon og eg er på veg til Universitetet for å sittje på den lune, trygge og delte lesesalsplassen eg har fått tildelt. På veg forbi den blå stein blir eg møtt av koppar som raslar av pengar. Eg har lite imot tiggarar for det er nok ikkje let uansett. På sett og vis så er det eit arbeid som tek heile dagen, og det ser ikkje morosamt ut. Ristande på hovudet og med ein open hand må eg berre meddele, “sorry man.” Andre brukar å tale på norsk har merka, moglegvis i trass.

Tanken slo meg når eg var på veg heim idet eg passerte den same tiggaren som eg hadde passert tidligare på dagen, som spurde om seg etter “change.” For kva vil skje dersom finansforbundet får gjennomslag med kampanjen sin og får etablert Norge som kanskje det fyrste kontantfrie samfunnet?

  • Les: Vil skrote mynter og sedler i Norge.

Eg ser for meg at ein slik gradvis endring mot den kontantlause samfunnet vil presentera oss med visse problem. Det vil kanskje bli ein utfordring å få solgt blad som =Oslo på gata utan kontantar. Løysinga på det må bli bruk av mobiltransaksjonar, som er blitt særs vanleg i bla. Kenya gjennom M-PESA konseptet. Her vil eg seie at Kenya moglegvis ligg foran Norge i innovering mot eit kontantlaust samfunn. Eg kjem ikkje i hug om det var i Kenya, men i somme afrikanske land aksepterar taxiar kun mobiltransaksjonar pga. ransfaren ved for mykje pengar.

  • Sjå: M-PESA Documentary